Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøp lodd og vinn…

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. mars 2017

Kom og kjøp lodd, oppfordra Nathalie Astrid og Fredrik.  Dei to starta innspurten på førehandsalet til TILs ski og friidrettsgruppe på butikken i dag.  Det er nemleg siste dag med førehandssal, for søndag ettermiddag er det tillyst stor aktivitetsdag på Tjønnmyra der trekking av lotteriet er ein av aktivitetane.

I dag fortsett førehandssalet på butikken fram til stengetid kl 16.  Vil du sikre det lodd, så er det berre å stikke innom Kaffekroken, så treffer du loddseljarar. – og dei lokkar med flotte gevinstar – Eit flott spisebord og 6 stolar frå Talgø og ein fin høgtrykkspylar frå Kärcher er hovudgevinstar.

Kom og bli med på aktivitetane på Tjønnmyra søndag ettermiddag frå kl 14!

Publisert: 18. mars 2017, 12:50