Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste strikkekaffe før påske

Elinor Bolme Torsdag 23. mars 2017

Laurdag klokka 13 arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen.  Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan, om du berre vil komme for eit triveleg selskap ein laurdags ettermiddag.

Foreninga har garn til disposisjon om nokon vil strikke til for eksempel basar eller NKS sin søsterorganisasjon i Etiopia.

Enkel servering.

Først publisert: 23. mars 2017, 06:44 - Sist oppdatert: 22. mars 2017, 11:47