Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Breiband til Brusetmarka – Tove var først ute.

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mars 2017

I Brusetmarka har dei venta både vel og lenge for å få fiberbreiband på plass. Tilkoplinga til internettet har på det næraste vore på lykke og fromme, men det siste året har Svorka arbeidd med prosjektet. Først har det vore graving av kabelgrøfter, og utover hausten var det trekking av kabler – og no er altså arbeidet med installasjon kome i gang.

Og her var det Tove Talgø Brøndbo som var først ute. Og for henne blir det nok ei radikal forandring på bildekvaliteten og for hastigheita på breibandet. Tidelegare har ho berre hatt skyggenett og NRK-kanalane og internett via ein refleks ein eller anna plass i Romålia.

I sommar var det stor graveaktivitet og nedlegging av rør til fiberkabelen. Joar Inge Gjeldnes og Rolf Petter Halle. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Det er Andreas Myrlund frå Kristiansund som driv med installasjonsarbeidet for Svorka Aksess. No har han 15-20 namna på lista si, og no blir det nok jobba til alle som har bestilt har fått fibernett i hus. Det nye nettet har ei hastigheit på 100/100 og tilkopling av Canal Digital kan by på rundt 40 kanalar på TV’n, fortel Andreas Myrlund.

Publisert: 14. mars 2017, 19:25