Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2016

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.


Juletid – julestemning på CD i butikkane

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2016

No føre jule finn du mykje julegåvetips i butikkane, det kan være både årsskrift, julehefte og musikk på «box». Alt har til felles at det er meir eller mindre lokalt, og det er lagt ned ein stor innsat for å lage til ting for sal. CD’n «Juletid» er ikkje noko unntak. Det er Bernt Bøe som er primus motor og organisator, og attafor står fleire kor og muikarar for å få prosjektet i hamn – mellom anna Todalskoret.



La lyset vere både varmen og vegen

Elinor Bolme Onsdag 7. desember 2016

Kveldens tema under lysmessa i Todalen kyrkje var naturleg nok lys. Inne i kyrkjerommet var det dempa belysning, tente lys og høve til å senkje skuldrene eit par hakk ein times tid. Adventstida er ei tid for refleksjon og undring. Lysmessa er ei fin og litt annerledes gudstjeneste. Prest Bernt Venås hadde god hjelp til gjennomføring av kveldsgudstjenesta av konfirmantar både frå Todalen og Stangvik denne kvelden.


Vanskeleg tid for Kårvatn Fjellutstyr

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. desember 2016

Det er vanskeleg å drive butikk med stengt veg, seier Laila K. Bergli som er dagleg leiar ved Kårvatn Fjellutstyr. Det er ille for oss at dette skjer no, som skisesongen og julehandelen var kome godt i gang. No er det bom stopp!


Vil ta tid å få reparert vegen i Falla

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. desember 2016

I dag har det vore geolog på befaring på rasstaden i Falla. Etter befaringa er det klart at det geoteknikar til staden for å bore i grunnen for å finne trygg grunn til vegen, fortel Terje Forberg i Surnadal kommune. Vegen gjennom Falla vil fortsatt være stengt!


Stem på månadens bilete for november

Ole Petter Talgø Tysdag 6. desember 2016

Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for november. Sjølv julestria kanskje har satt inn for fullt, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Kanskje har du allerede no nokre bilete med julestemning som vi kan ha klare til romjula?


Nytt ras i Falla – utbetringsarbeidet stoppa

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2016

Arbeidet med å utbetre vagen i Falla etter rasert i dag tidleg er stoppa etter at det har rasa ut meir masse i området, fortel Gunnar Bøe i Surnadal kommune. Etter ei vurdering no på tampen av dagen er det belutta at det skal gjerast ei ny vurdering når det blir lyst i morgon tidleg – da satsar ein også på å få med geolog, fortel Bøe.


Ny runde med fotterapi

Elinor Bolme Måndag 5. desember 2016

Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 12. desember på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.


Biblioteket blir stengt i kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2016

Biblioteket blir desverre stengt i kveld, måndag 5.12.  Bibliotekar Karen Johanne Talgø er isolert på grunn av raset i Falla, og kjem seg ikkje på jobb på biblioteket i skulen.


Dalavegen blir stengt det meste av veka

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2016

Dette vil nok ta litt tid å ordne opp i, seier Gunnar Bøe frå Surnadal kommune. Men Per Gjeldnes startar arbeidet alt i dag med å gjenopne Dalavegen, som er stengt på grunn av ras i Falla. Vegen er heilt stengt og det er ikkje noko omkjøringsmulegheit. – Vi prøvar å opne vegen så snart som muleg, men vi er redd att det meste av veka går med på dette arbeidet, seier Gunnar Bøe.


Ras i Falla – Dalavegen stengt

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2016

Store nedbørsmengder det siste døgnet har fårt til at Dalavegen har rast ut i nedre del av Falla. Dermed er Dalavegen stengt for trafikk og oppsittarane ovafor Falla og butikken til Kårvatn Fjellutstyr er isolert frå omverda i morgontimane.


KORENES JULEKONSERT 2016

Elinor Bolme Måndag 5. desember 2016

For 5.året på rad blir det felles julekonsert med korene i Rindal, Halsa og Surnadal – i Surnadal kulturhus lørdag 10. desember kl. 1800. Dette har blitt en tradisjon som både korister og publikum setter pris på, der korene synger hver for seg fra eget julerepertoar og flotte fellessanger i storkoret med ca 120 sangere!