Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dalavegen blir stengt det meste av veka

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2016

Dette vil nok ta litt tid å ordne opp i, seier Gunnar Bøe frå Surnadal kommune.  Men Per Gjeldnes startar arbeidet alt i dag med å gjenopne Dalavegen, som er stengt på grunn av ras i Falla. Vegen er heilt stengt og det er ikkje noko omkjøringsmulegheit, fortel Gunnar Bøe.   – Vi prøvar å opne vegen så snart som muleg, men vi er redd att det meste av veka går med på dette arbeidet…

Det må skiftast ut ein del masse i rasområdet, slik at ein får bygd opp att eit fundament til å bygge vegen på, og det vil nok ta litt tid. Men Per Gjeldnes Maskin startar på arbeidet alt i dag.  Det er rasskade på Dalavegen på to plassar, men det er det raset som er synleg frå Markavegen som er problemet, seier Bøe. Markavegen som går innover til Gammelfabrikken og falløya er ikkje berørt av raset.

Publisert: 5. desember 2016, 12:12