Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vanskeleg tid for Kårvatn Fjellutstyr

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. desember 2016

Det er vanskeleg å drive butikk med stengt veg, seier Laila K. Bergli som er dagleg leiar ved Kårvatn Fjellutstyr.  Det er ille for oss at dette skjer no, som skisesongen og julehandelen var kome godt i gang. No er det bom stopp!

Kårvatn fjellutstyr har spesielt god kompetanse på randonee-utstyr og her har det vore fullt kjør den siste tida. No er det bom stopp, og da blir det berre bestillingar som kjem via telefon eller e-post som kjem inn. Dei første par dagane denne veka var det heilt stopp – vi fekk verken varer inn eller fikk sendt ut noko. – Vi som er tilsette ved Kårvatn Fjellutstyr har jobba heimefrå med nettbutikken desse dagane, men vi er avhengig av å få varene ut med posten.

No ser det ut som det kanskje blir ei løysing slik at vi kjem oss på arbeid, og da skal vi i allfall prøve å få varer både inn og ut – vi skal gjera så godt vi kan, fortel Laila K. Bergli til Todalen.no.

 

 

 

Publisert: 6. desember 2016, 22:00