Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Juletid – julestemning på CD i butikkane

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2016

No føre jule finn du mykje julegåvetips i butikkane, det kan være både årsskrift, julehefte og musikk på «box». Alt har til felles at det er meir eller mindre lokalt, og det er lagt ned ein stor innsat for å lage til ting for sal.  CD’n «Juletid» er ikkje noko unntak.  Det er Bernt Bøe som er primus motor og organisator, og attafor står fleire kor og muikarar for å få prosjektet i hamn – mellom anna Todalskoret.

boe-cd-hefte-s1-framside

Todalen kyrkje er avbilda på framsida av CD’n som har heile 27 spor.

Tilsaman er det 23 spor på CD’n, og det er ein samproduksjon, der både Åsskard kyrkjekor, Todalskoret, Bøfjorden mannskor er med. Som solistar deltek Sigrid Vetleseter Bøe og Øystein Moe, og elles deltek både kammerorkester og ikkje minst Tor Strand på orgel.  Les meir om innhaldet på CD’n her.

Opptaka til CD’n vart gjort i Nordlandet kyrkje, og det skjedde same dag som KBK vann ligaen. Fyrverkeriet utfor kyrkja var med på eit av opptaka, og sjølv om det er prøvd å redigert bort, så kan du såvidt høre det. Men salutt passa jo godt til teksten vi syng der ( «La oss prise og tilbede det Guds Ord, som til jord brakte oss Guds glede …»), gliser Bernt når han fortel om opptaka.  han rettar også ein stor takk til sponsorane som har gjort det muleg å realisere prosjektet – Surnadal Sparebank, Gjensidige, Talgø, Amfi, Bøfjorden historielag, Åsskard Bygdekvinnelag – og mange fleire.
cd-juletid-02-bakside-index

Her finn du oversikt over innhaldet – eldsjel og prosjektleiar har vore Bernt Bøe.

No er iallfall CD’n i salg både i butikkane og hos kora – det vart eit flott produkt, som vi trygt kan anbefale!  I Todalen kan du kjøpe «Juletid» hos Matkroken og hos Borghild Talgø eller May Elisabeth Holten.
Publisert: 9. desember 2016, 08:53