Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2016

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Pøbelstrek eller tuppfére?

Jon Olav Ørsal Måndag 11. juli 2016

I løpet av helgaer det nokon som har kjørt ned og øydelagt bommen inn til Statkrafts anlegg ved Rossåa. Da vakthavende kom på jobb vart skadeverket oppdaga, og det vart konstatert skade på bommen, som forøvrig stod open. Dette tyder på at det er ungdommeleg tuppfere som har vore på gang, seier Per Gjeldnes ved Surnadal og Rindal lensmannskontor som har fått melding om saka.


Reparerer kyrkjemuren med handmakt….

Jon Olav Ørsal Måndag 11. juli 2016

I dag starta arbeidet med reparasjon av kyrkjemuren rundt Todalen kyrkjegard. Som vi har omtala tidlegare er det teleskade på muren og skade på grunn press frå røter på store tre som står ved muren. Dette er tungarbeid, og det meste av arbeidet må gjerast med handmakt. Tadeusz Przespolewski (Ted) som har teke på seg dette […]


Turtips: No er Nauståfossen fin!

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juli 2016

Med fellesferie og late dager er det kanskje på tide med eit turtips. Vi har nytta dagen til ein flott tur til Nauståfossen ved Kårvatn. Det er ein kort og lett tur som passer både for store og små – ein stor kilometer til fots frå parkeringsplassen ved Kårvatn. Turen går for det meste på skogsveg og sti fram til fossen, og den er merka som turistløype med raude merker.


Tapt og funnet – saknar du bilnøkkel?

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juli 2016

Ein bilnøkkel vart funnen ved Hafallmelen i dag. Sjekk nøkkelhonka di og sjå om det er du som har mista denne nøkkelen som ser ut til å tilhøre ein Volvo av ein eller anna type. Den låg i grusen framfor Phillipstavla som står ved vegen der, så laksefikarar bør være spesielt oppmerksame. Nøkkelen ber preg av at den har ligge ei stund.


Jamnt godt laksefiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 8. juli 2016

Sjølv om fangstreultata ikkje kan måle seg med første veka, er det framleis jamnt og godt fiske i Toåa. Seinast torsdag dag vart det meldt inn laks på 5,8 kg og onsdag var det fleire fangstar. Den digitale rapporteringa er litt mangelfull, så vi har ikkje heilt oversikt, fortel Ola Bruset i Todalen elveeigarlag. Han oppfordrar alle til å melde inn fangstar som ikkje alt er rapporterte, da elveeigarlaget skal levere midtsesongevaluering til fylkesmannen.


Kun 2 ledige plasser på Søyacup

Elinor Bolme Fredag 8. juli 2016

Lørdag 27. august arrangeres årets utgave av Søyacupen. Det er allerede påmeldt hele 66 lag til cupen, så cupen på Søyabanen viser seg mer populær enn noen gang! Vi har allerede passert deltakerrekorden fra tidligere år, og det 1,5 måned før cupen!!


Takkar kundane for tilliten…

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. juli 2016

Lars Kristian Todal, som er dagleg leiar hos Sveen Auto, er audmjuk når han fortel om bilsalet det siste året. Dei enda opp med 194 bilar på salsstatistikken i 2015 – Det tykkjer han er bra, og spesielt når ein tenkjer på turbulensen som var rundt VW-konsernet i fjor haust. I 2016 ligg dei så langt an til å slå denne rekorden, fortel Todal.


Stem på månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Torsdag 7. juli 2016

Vi er inne i sommarferiemånaden juli, som betyr at vi skal kåre vinnaren av månadens bilete for juni. Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Siden det er ferietid, setter vi av ei heil veke til avstemninga, som betyr at du kan stemma ein gong i døgnet (kvar 24. time) fram til […]


Quiz og kaffe i arboretet

Dordi Jorunn Halle Torsdag 7. juli 2016

Onsdag kveld var det klart for sesongens første quizkveld i arboretet. Quizmester Ida Andrine Heggset hadde laga 30 spørsmål fordelt på seks kategoriar: hummar og kanari, mat og drikke, sommarsongar, blomster og andre buskvekster, sport og fritid, biletquiz frå Norge.


Siktar seg inn på ein rettare mur

Elinor Bolme Onsdag 6. juli 2016

Førstkommande måndag startar Todalen sokneråd med omfattande restaurering av deler av kyrkjemuren rundt Todalen kyrkje. I kveld var ein gjeng frivillige oppi Teljehaugen og pukka fram stein til bruk i arbeidet. Hoveddelen av restaureringa er det Tadeusz Przespolewski (også kalla Ted på Sandmo) som skal utføre, og han vil ha med seg to stabile handlangarar i Eivind Grønmyr og Gudmund K Kvendset.


Årets festivalprogram er klart

Elinor Bolme Onsdag 6. juli 2016

I år er det på ny Stangvikfestival og vi kan presentere et langt og bredt program for siste helga i juli. Som tidligere år er det samlet et knippe med fantastiske artister som gjennom ei hektisk uke øver inn og framfører mange fantastiske produksjoner. Det er konserter, teaterforestillinger, kunstutstillinger, fotballturnering og naturligvis mye god lokal mat forteller Torbjørn Larsen i en pressemelding. -Vi er en kammermusikkfestival med mykje attåt. Derfor har vi i år urfremføring av et verk av Sveriges mest berømte nålevende komponist Sara Renquist.


No kan du sjå avdukinga av Ethelbert på nettsida til NRK

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. juli 2016

Storlaksen Ethelbert vart eit døgn forsinka på NRKs lokalsending for Møre og Romsdal. Men tysdag kveld kom innslaget, og no kan du sjå lokalsendinga med innslag om avdukinga på nettsida til NRK.  Klikk deg inn på denne linken.