Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Turtips: No er Nauståfossen fin!

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juli 2016

Med fellesferie og late dager er det kanskje på tide med eit turtips. Vi har nytta dagen til ein flott tur til Nauståfossen ved Kårvatn. Det er ein kort og lett tur som passer både for store og små – ein stor kilometer til fots frå parkeringsplassen ved Kårvatn. Turen går for det meste på skogsveg og sti fram til fossen, og den er merka som turistløype med raude merker.

Turstien frå Kårvatn til Trollheimshytta er faktisk merka som eit alternativ, slik at turistane som går denne strekninga kan få med seg Nauståfossen i same slengen. I tørst vær er det ingen problem med å gå turen i joggesko, men er det vått er det ein fordel å ha fjellsko eller liknande.

Nauståfossen har eit fall på 110 meter og er ein flott skue og eit ynda fotomotiv. Er du litt tøff kan du gå bak fossen for å få ei ekstra oppleving, men da må du nok rekne med å bli våt, og det er nok helst å anbefale når det er lite vatn i fossen – og god temperatur på vatnet.

Vi har laga eit bildegalleri og fått med oss ein del av det du kan sjå på turen frå Kårvatn til Nauståfossen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. juli 2016, 16:50