Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pøbelstrek eller tuppfére?

Jon Olav Ørsal Måndag 11. juli 2016

I løpet av helgaer det nokon som har kjørt ned og øydelagt bommen inn til Statkrafts anlegg ved Rossåa. Da vakthavende kom på jobb  vart skadeverket oppdaga, og det vart konstatert skade på bommen, som forøvrig stod open. Dette tyder på at det er ungdommeleg tuppfere som har vore på gang, seier Per Gjeldnes ved Surnadal og Rindal lensmannskontor som har fått melding om saka.

DSC_2460

Det har vore ein skikkeleg trøkk – kassen med automatikk for opning av bommen er velta. Det er uvisst kor stor skade utstyret er påført. Foto: Jon Olav Ørsal

Nokon har i løpet av helga køyrt på bommen og velta den over på sida, så det har nok vore ein skikkeleg trøkk. Lensmannskontoret etterlyser opplysningar om nokon har observert noko mistenkjeleg i løpet av helga, og ber om at det blir teke kontakt med lensmannskontoret. Gjeldnes seier elles at dersom dette er tuppfére, så bør vedkomande ta kontakt med Rossåa settefisk for å få til ei minneleg ordning for skaden som har skjedd.

Publisert: 11. juli 2016, 16:16