Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2016

Vi fann 103 artiklar i dette arkivet.


Rindal rykka i frå

Elinor Bolme Torsdag 9. juni 2016

Kveldens fotballkamp mellom Søya/Todalen og Rindal på Bordholmen i klassen J10 vart ein sur og kald opplevelse. Men underhaldande var det, med mykje godt fotballspel av jentene. Til pause var det 3-3,men rindalingane hadde litt meir futt i 2. omgang og kunne juble over seieren 3-8 til slutt.


Folkemøte om Todalsfjordprosjektet

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juni 2016

Onsdag kveld var det folkemøte om Todalsfjordprosjektet i forsamlingshuset på Nordvik. Med rund 30 tilhøyrarar orienterte ordførar Lilly Gunn Nyheim om den politiske ståstaden for prosjektet og Bergsvein Brøske om Planprogrammet som no er ute på høring, med høringsfrist til 20. juni. Eit liknande møte blir arrangert i Fossheim i Ålvundfjorden torsdag kveld.


Raus 2016: Hektisk innspurt – går på scena i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juni 2016

Onsdag var ein travel dag for låtskrivarseminaret, fortalte Amund Maarud, som er kappelmester under Raus-konsenten på Gammelfabrikken i kveld. Han fortel at opplegget for konserten liknar på fjorårets, men bli meir kampakt, – og byr samtidig på større bredde sidan vi i år har folk som kjem frå fleire miljøer.


Triveleg Drivatur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. juni 2016

Onsdag kveld inviterte Driva og Surnadal kommune til Stikk UT!-tur med Storhaugen som mål. Kraftige regnbyger onsdag ettermiddag skremde nok bort ein del trimmarar, men veret vart bra for dei 25 som vart med på trimturen.


Todalen.no EM-tipping 2016

Ole Petter Talgø Onsdag 8. juni 2016

Det er straks klart for eit stort mesterskap i Frankrike, og vi har derfor laget en tippekonkurranse som vi håper mange vil være med på. Her vil du kunne tippe på alle kampene i EM frem til kampstart for hver av de, og så ved kampstart se hva Todalen.no sine lesere tror om kamputfallet. Etter kampslutt vil det bli delt ut poeng for riktig resultat, riktig målforskjell og riktig vinner.


Slåtten: Håvard er i gang…

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juni 2016

I dag observerte vi den første ballpressa i fullt arbeid. Det var Håvard Halset som var første mann ut med innhausting av årets grasavling. – Det ser ut til å bli ei normalavling, seier Håvard, som skal slå og presse siloballer av i overkant av 100 mål før han er ferdig. Håvard var redd for […]


Jamn J12 kamp

Elinor Bolme Onsdag 8. juni 2016

I kveld møttest J12 laga KUST 1 og Surnadal 2 til lokaloppgjer på Bordholmen Stadion. Det vart til slutt ein jamnspela kamp, der KUST leda 5-2 til ca 10 minutt før slutt. Då sette surnadalsjentene inn eit lite ekstragir og fekk inn to reduseringar på tampen, slik at sluttresultatet til slutt vart 5-4.



Treng vakter til Laksefestivalen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juni 2016

Todalen IL vil i år som tidligere sammen med Søya IL – ta på seg vakt og billettering på Laksefestivalen. I den forbindelse søker Todalen IL etter folk som vil gå vakter eller billettere – fredag 24 juni mellom 19.30 – 02.00.  De som ser på dette som en fin mulighet til å bidra – kan ta kontakt med navn og telefonnummer til: […]


Todalsdagen 2016 – 2. juli trør vi igang….

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juni 2016

Det er Todalen Idrettslags fotballgruppe som står som arrangør av Todalsdagen, – og i år som i fjor er det Knut Bergli som er «stemnegeneral» og frontfigur for arrangementet. Og Knut har mange ballar i lufta denne dagen, men først og fremst er det fotballcup for knøtter, miniputter og lilleputter som står på programmet – og fotball blir det gjennom heile laurdagen….


Lærte førstehjelp i barnehagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. juni 2016

I barnahagen har det vore ein spennande dag i dag! I dag fekk dei nemleg besøk frå Surnadal Røde Kors, da Janne og Lene kom for å lære barnehageborna førstehjelp. Dei hadde med seg dukka Henry, som var ei gåve til barnehagen.


Svinvikrunden mest populær

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. juni 2016

Stikk UT!-opplegget inspirerer til trimturar både i nærområdet og litt lenger unna. I Surnadal kommune er det tolv Stikk UT!-postar, og av dei er Svinvikrunden mest besøkt.