Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2015

Vi fann 88 artiklar i dette arkivet.


Kom og ta idrettsmerke i kveld

Elinor Bolme Onsdag 9. september 2015

Åshild Halle i Friidrettsgruppa i Todalen IL melder om at det i kveld blir anledning til å ta idrettsmerke på Bordholmen. Møt opp klokka 18.30. Alle er velkomne, både gamal og ung til ulike friidrettsøvelsar som lengde, liten ball, 60 meter og 3000 for den som ikkje har teke skimerke i vinter.


Fleire bilder frå Trollheimsmarsjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. september 2015

Inge Nordvik gikk Trollheimsmarsjen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid søndag, saman med 38 andre. Todalen.no har fått ein bildeserie frå Inge, som var Drivas mann på turen denne gongen. Her har vi lagt ut bildeserien, som startar på Bordholmen og viser bildeglimt fram til Vardan, der nedfarten til ålvundeidet startar. Bildeglimt frå turen frå Todalen […]


Val på fleire frontar…

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. september 2015

Måndag 14. september skal vi gjera fleire val. Det er nok kommunevalet og fylkestingvalet som har fått størst fokus, men vi har også kyrkjeval og i Todalen skal vi velge nytt PT-utval. Alle vala kjem til å gå føre seg i skuleområdet ved Todalen skule. Kommune- og fylkestingvalet blir i biblioteket på skulen, medan kyrkjevalet vil gå føre seg i gammelskulen og val av PT-utval blir i Vømmølbua til Lars Kvendset som vil bli plasser utafor skuleporten. Alle sammen er viktige val, men mest lokalt blir nok valet av nytt PT-utval (eller grendeutval om du heller vil).


Signerte for økt satsing på demens i Surnadal

Elinor Bolme Tysdag 8. september 2015

I dag signerte ordførar Lilly Gunn Nyheim avtalen mellom Surnadal kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen som har som mål å gjera Surnadal til ein enda betre og tryggare stad å bo for dei som lever med demens, og deira pårørande. Surnadal er den andre kommunen i Møre og Romsdal som inngår denne avtalen.


Med ønske om å hjelpe

Elinor Bolme Tysdag 8. september 2015

Ordførar Lilly Gunn Nyheim har som mange andre teke innover seg dei mange skjebnane og uverkelege hendingane i dei siste vekers medieoppslag om den store flyktningestrumen frå Syria. Ho ønsker å bidra i krisa og gir derfor ei heil dagslønn til flyktningane via Redd Barna.


Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen mot CFK torsdag

Elinor Bolme Tysdag 8. september 2015

Torsdag klokka 18.30 er det kamp på Bordholmen igjen. Da er det CFK 1 som kjem og skal spele mot STUK i klassen G14. CFK ligg 6 poeng under vårt lokale lag på tabellen, med ein kamp mindre spela så langt, så denne kampen kan kanskje bikke begge vegar.


Ny sesong med jentekoret

Bernt G. Bøe Tysdag 8. september 2015

Stangvik Jentekor startar øvingane tysdag kveld og ønskjer nye songarar velkomne. Den livlege gjengen driv med allsidig program. Nyleg gjorde dei suksess med «Kardemomme-fest» både på Nordvik og i Bøfjorden. Både dette og andre morostykke blir aktuelle også i vinter.


Månadens bilete: Fjord og fjell

Ole Petter Talgø Tysdag 8. september 2015

For august kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Fjord og fjell» med rundt 40 stemmer. Biletet hadde eit tydeleg forsprang på bileta rett bak, Dobbelportrett og Slåttonn under regnbogen, med rundt 30 stemmer kvar.


Du verden for ein gjeng!

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Noora Noor, Dr. Bekken og Richard Gjems tok nærast todalingane med storm på avslutningskonserten på Todalshytta søndag ettermidddag. Verten på Todalshytta, Eric Malling, kunne ønske eit hundretals publikum velkomne til sesongens siste konsert søndag ettermiddag. Etter konserten skjønner vi kvifor todalingane prioriterte konserten med denne gjengen framfor Trollheimsmarsjen – og vergudane spela på lag denne gongen også.


Alle kom velberga over fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Dagens Trollheimsmarsj fikk ikkje den heilt stor oppslutninga – den usikre vêrsituasjonen får nok ta mesteparten av skulda for det, men konserten på Todalshytta med nærare hundre tilhørarar er nok ei god forklaring på kvifor det var nærast «møssfall» frå todalingane.


Bra jaktstart for Talgø jaktlag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Det vart ein bra start på hjortjakta for Talgø jaktlag denne helga. Fredag vart det 4 dyr i i Gammelseterdalen – 2 koller og 2 kalver. Søndag vart det kronhjort på jaginga frå Hardholten og innover til sommarfjøset på Kårvatn.


Gudsteneste – Presenterte neste års konfirmantar for kyrkjelyden

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Under søndagens gudsteneste vart konfirmantane for 2016 presentert. Dei er 2 i talet, og startar no konfirmasjonsførebuinga i lag med konfirmantane i Stangvik, fortalte sokneprest Bernt Venås, da han ønska dei velkomne som konfirmantar under gudstenesta. Sjølv om dei berre er to, så var han sikker på at dei skulle få ei fin tid saman dei neste to semestra, fram til konfirmasjonen som blir søndag 8. mai i Todalen kyrkje.