Medlemsmøte i Surnadal Arbeiderparti
Mandag 17. november kl. 19.00 melder styret i Surnadal Arbeiderparti om at det er ordinært medlemsmøte på kantina på Surnadal sjukeheim.
Saksliste er som følger:
Vi fann 72 artiklar i dette arkivet.
Mandag 17. november kl. 19.00 melder styret i Surnadal Arbeiderparti om at det er ordinært medlemsmøte på kantina på Surnadal sjukeheim.
Saksliste er som følger:
Kvar måndagskveld foregår det barneleik i gymsalen i Todalen oppvekstsenter. Da er det full guffe med både gymnastikk og andre krumspring når smårollingane slår seg laus. Sist måndag var det rekordoppmøte, med 24 born og 10 foreldre, fortel Karin Halle som har sendt oss bilder frå aktiviteten.
Laurdag 15. november slår Surnadal Bondelag på stortromma og inviterer til jubileumsfest i Bondehuset i Stangvik. Det er no 100 år sia det vart stifta bondelag i Stangvika, som seinare har slutta seg til Surnadal Bondelag. Da er det nok naturleg med jubileumsfeiring i Bondehuset i Stangvika. I jubileumsåret er det nordvikgardingen Oddvar Mikkelsen som er leiar i Surnadal Bondelag.
I går kveld arrangerte IL Søya sin årlege basar i Myrvang. Her var det som vanleg fullt hus og retteleg basarstemning med både ballkasting, luftgeværskyting og tradisjonellt åresalg med eit enormt gevinstutvalg.
I dag har vi også fått en turrapport fra Harald Egil Folden som har en fin høsttur i vakre omgivelser i Todalen med godt rindalsselskap.
Laurdag formiddag opna Rindalsmessa sitt arrangement på Rindalshuset. Omtrent frå starten var det eit yrande liv og mange besøkande. I år er det heile 60 utstillarar, dei fleste frå Rindal, men også mange Surnadalingar og sjølvsagt fleire Todalingar. Det var skikkeleg trøkk utover dagen, og det var mange som bar på store bæreposar etter kvart. Frå Todalen […]
Det har lenge vore stille rundt moskuskua som først vart observert i Dalabotnan ved Kårvatn først på september og sia på Hjellnes den 20. september. Laurdag dukka ho fram igjen, og da i Vindøldalen. Ein rypejeger på veg til fjells trefte ho ved Holtabrua i Vindøldalen i dag, og observasjonen vart gjort kl 08.55, fortel Lars Olav Lund ved Statens Naturoppsyn til Todalen.no.
I kveld er det storveies konsert på Surnadal kulturhus med OnklP & De Fjerne Slektningene. Bandets første singel «Styggen På Ryggen» kom ut 22. september og albumet Slekta II kommer den 27. oktober, så her blir det nesten rykende ferske musikkhits som blir servert på deres norgesturne.
Fredag vart det ein tynn inssnerk på Todalsfjorden. Nokre få minusgrader var nok til at det la seg is på fjorden, og ganske langt utover. Det er nok litt tidleg å finne fram sparken og pilken for å dra utpå for å fiske, men det er iallfall eit tegn på at ei ny årstid er like rundt hjornet. Men isen blir nok ikkje liggjande, for det er meldt vind frå søraust på langtidsvarselet på yr.no og da blir det nok berre gjesteopptren denne gongen.
Førstkommende torsdag arrangerer Todalen bibliotek og FAU ved Todalen Oppvekstsenter bokkveld på skulen. Det er da ein litt utvida bibliotekkveld med lesestund, filmvisning og noko godt å bite i til dei frammøtte. Det er også anledning til å kjøpe gamle bøker frå eit rikhaldigt lager.
IL Søya minner om den årlige Søya basaren som arrangeres i Myrvang førstkommende søndag frå klokka 17.30. Her blir det stort basarbord, åresalg, luftgeværskyting og ikkje minst utdeling av deltakarpremiar for aldersbestemt fotball.
Nordmøre og Romsdal fotballkrets satser på skolering av sine tillittsvalgte. Knut Haugen som er styremedlem i kretsen var derfor kretsens utsendte som kursleder for kurset Fotballeder 1 i klubbhuset på Syltøran onsdag kveld. Her møtte representanter fra lokalklubbene Surnadal IL, Kvass/Ulvungen IL, Todalen IL og IL Søya. Bakgrunnen for gjennomføring av kurset er at både Surnadal og Søya jobber med Kvalitetsklubbstempelet, og det dermed er krav om at de som sitter i styret må ha gjennomført dette kurset.