Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full guffe på barneleiken

Jon Olav Ørsal Måndag 10. november 2014

Kvar måndagskveld foregår det barneleik i gymsalen i Todalen oppvekstsenter. Da er det full guffe med både gymnastikk og andre krumspring når smårollingane slår seg laus. Sist måndag var det rekordoppmøte, med 24 born og 10 foreldre, fortel Karin Halle som har sendt oss bilder frå aktiviteten.

Borna deltok med liv og lyst, og da hører det sjølvsagt med at det blir litt høgst støynivå. Det skulle da berre mangle!

Sjå bileta frå barneleiken nedafor, og som sagt foregår det i gymsalen kvar måndag frå kl 18, og utover til gubbetrimmen startar kl 20.  Alle foto: Karin Halle

IMG_9985

Det var liv og røre i gymsalen under barneleiken.

IMG_5904

Det gjeld å hive seg uti det og prøve, eller så kan du sjå på og lære!

IMG_0458

…og litt fotball må det være på ein slik aktivitetskveld.

 

Publisert: 10. november 2014, 23:24