Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit yrande liv på Rindalsmessa

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. november 2014

Laurdag formiddag opna Rindalsmessa sitt arrangement på Rindalshuset. Omtrent frå starten var det eit yrande liv og mange besøkande. I år er det heile 60 utstillarar, dei fleste frå Rindal, men også mange Surnadalingar og sjølvsagt fleire Todalingar. Det var skikkeleg trøkk utover dagen, og det var mange som bar på store bæreposar etter kvart.

Rindalsmessa_oversikt_0440

Det var eit yrande liv på Rindalsmessa som blir arrangert i Rindalshuset. Søndag er det ope frå kl 12 og utover til kl 17. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå Todalen var sjølvsagt veteranen Bernt Jørgensen på plassen sin, i gangen på Rindalshuset, men også Viastua Gardsmat var der med heimlaga lefser, mølsgraut og og forskjellig husflid. Magne Søyset hadde ein flott stand med mykje tresløyd, knivar og smykker i stort utvalg. Men Rindalsmessa har eit kjempe utvalg av heimlaga produkt og det var både skinnfellar, bakverk, trevarer, urteproodukt, heimbaka flatbrød, strikketøy og mykje anna rart. det er forresten imponerande å sjå kor mykje fint som blir laga, og kor flinke folk er med hendene sine. Det er heilt utruleg!

Rindalsmessa er opa berre laurdag og søndag denne helga.  Søndag er det ope frå kl 12 og utover til kl 17.  Ta ein tur – det er det vel verdt!  Nedafor finn du nokre lokale kjendisar som som deltek på Rindalsmessa med sine produkt.

Rindalsmessa_Torunn_Wenche_0444

Torunn Nordvik og Wenche Kvendset. Har stand attmed kvarande i messelokalet. Foto: Jon Olav Ørsal

Rindalsmessa_MagneS_0452

Magne Søyset har mykje flott tresløy å tilby, samt knivar og smykke i tre. Foto: Jon Olav Ørsal

Rindalsmessa_Hildegunn_0454

Hildegunn Stengel hadde med seg handarbeid og var i full produksjon mellom øktene. Foto. Jon Olav Ørsal

Rindalsmessa_JimB_0462

Opptensbrikkane til Jim Børset gjekk unna. Lokal Ptter Smart som har utvikla opptennbrikkar basert på avispapir og talg. Miljøvennleg er dei og! Foto: Jon Olav Ørsal

Rindalsmessa_Mildri_0458

Inger Hugen og Mildri Orahaug bydde fram skinnfellar av ymse slag. Foto: Jon Olav Ørsal.

RindalSanitetsforening_0455

Rindal Sanitetsforening hadde «loppis» med brukte sko og vesker. kva med eit par bunadssko til ein 50-lapp? Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. november 2014, 23:25