Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterter til jubileumsfest i Bondehuset

Jon Olav Ørsal Måndag 10. november 2014

Laurdag 15. november slår Surnadal Bondelag på stortromma og inviterer til jubileumsfest i Bondehuset i Stangvik. Det er no 100 år sia det vart stifta bondelag i Stangvika, som seinare har slutta seg til Surnadal Bondelag. Da er det nok naturleg med jubileumsfeiring i Bondehuset i Stangvika. I jubileumsåret er det nordvikgardingen Oddvar Mikkelsen som er leiar i Surnadal Bondelag.

Surnadal Bondelag vil gjerne invitere bønder og tidligere og framtidige bønder frå Todalen til jubileumsfest i Bondhuset i Stangvik.  Festa startar kl 20 laurdag 15. november. Dei byr på middag og dessert levert frå HammerStuene. Gøran Bolme er toastmaster og Ingebrigt Landsem med bandet «Tretimers» spelar til dans etterpå. Billettprisen er kr 400 pr person. Det blir open bar, og loddsalg der første gevinsten er ein halv gris. Det blir også sal av jubileumsboka under festa. Jubileumsboka er også lagt ut for sal på Matkroken i Todalen. Påmelding seinast onsdag kl 16 til Oddvar Mikkelsen på tlf 414 60 565. Det kjem buss frå Surnadal så det blir råd å gå på den i krysset ved Haugahyllå. Blir det mange nok kan det og bli satt opp buss frå Todalen.

 

Publisert: 10. november 2014, 20:51