Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Moskusen observert i Vindøldalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. november 2014

Det har lenge vore stille rundt moskuskua som først vart observert i Dalabotnan ved Kårvatn først på september og sia på Hjellnes den 20. september. Laurdag dukka ho fram  igjen, og da i Vindøldalen. Ein rypejeger på veg til fjells trefte ho ved Holtabrua i Vindøldalen i dag, og observasjonen vart gjort kl 08.55, fortel Lars Olav Lund ved Statens  Naturoppsyn til Todalen.no.

Tidens Krav har eit oppslag på si nettside om saka, der jegaren gir uttrykk for at moskuskua såg ut til å være på tur ned i bygda. Det er umuleg å vite kvar den no tek vegen, men det er nok lurt å følge med litt om den tek turen ned i bygda frå Vindøldalen. Lars Olav Lund  ved Statens Naturoppsyn viser til tidlegera uttale om at publikum må unngå å kome for nær moskusen. les meir om moskusbesøket i Dalabotnan ved Kårvatn og du kan også lese om Tidens kravs oppslag på nettsida TK.no.

 

Publisert: 8. november 2014, 19:18