Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2014

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.


Kulturvandring på Årnes

Marit Haugen, Stangvik Historielag Torsdag 28. august 2014

Laurdag den 30. august skal Stangvik Historielag i samarbeid med Årnesgardingane arrangere «kulturvandring» på Årnes, med oppmøte/parkering ved Årnesgardane kl 11.00 (det vil bli anvist plassar for parkering). «Vandringa» startar ved Kjergroneset, ca 1 km vest for gardane. Her er det lite med parkeringsplass, så det vil bli samkjøring utover. Heile turen tek ca 2 timar, men det er muleg å «hopp tå» omtrent halvveges, da kjem ein rett ned til Årnesgardane.


Utpågang med bolyst i fokus

Elinor Bolme Onsdag 27. august 2014

Magasinet Utpågang blir i desse dagar distribuert til samtlege husstandar i dei to kommunane Surnadal og Sunndal. Innleiingssvis denne gongen har ordførar Ståle Refstie og påtroppande ordførar Lilly Gunn Nyheim ordet, der det gode liv er fokuset. Gjennomgangstemaet denne gongen er bolyst, med artiklar som famnar begge dei to kommunane.


Trollheimsmarsjen 2014 – frå Todalen til Ålvundeid

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. august 2014

Førstkomande søndag, 31. august går årets Trollheimsmarsj frå Todalen, over Vardan og til Ålvudeid. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og har start på Bordholmen og innkomst på Leikvoll stadion på Ålvundeid. På turen over fjellet legges det opp til konkurranse med natursti, og ved målgang er det trekning av fire gåvekort og mange andre premiar på startkortet.


Kjempespringfrø – fin blomster men er eit svartelista ugras

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. august 2014

Kjempespringfrø er eit ugras som vi gjerne skulle vore kvitt, og det står på svartelista til artsdatabanken. Egentleg er det ei plante som er ført inn til landet som prydplante , men har altså kome på avvegar og fortrengjer lett stedeigne og lokale artar, fortel Gudmund Husby. Den høyrer heime i Himalya, der den veks […]


Sesongavslutning med Dr Bekken

Jon Olav Ørsal Måndag 25. august 2014

Søndag 31. august markeres sesongavslutningen på Todalshytta med konsert, fortel Eric Malling. Det er den kjente bluespianisten Dr Bekken, eller Tor Einar Bekken som han egentleg heiter, som da kjem til Todalshytta for å halde konsert på kvelden. Konserten startar kl 18, og blir det bra vær og god temperatur satsar vi på å halde til på plassen framfor hytta, seier Eric Malling til Todalen.no. men han tek vêrforbehald, og dersom det blir surt vær, blir nok konserten flytta innendørs.


Pussar vegkantane rundt bygda

Jon Olav Ørsal Måndag 25. august 2014

Mandag var det full fres med kantslått på offentlege vegar. Endre Holden Østbø og Rolf Ove Røv frå Teigan maskin hadde alt på føremiddagen kome rundt på mykje av fylkesvegane rundt bygda, med fikk driftsstans i Øyagrenda. Eit par slangar måtte skiftast før dei kunne kome vidare igjen.


Populært med «Open gard»

Jon Olav Ørsal Måndag 25. august 2014

Todalen Bondelag samla over 200 til open gard i Viastua sist søndag. Både bygdefolk og utebygds frå kom publikum for å sjå det nye fjøset og for å sjå korleis livet på ein moderne gard artar seg med både dyr og tekniske innretningar. Vertskap var Ola Kvendset og kårfolket Wenche og Gudmund Kvendset som hadde litt av kvart å vise fram og fortelje om til publikum.


Todalen.no 5 år: Fort og hektisk jubileumsfeiring

Jon Olav Ørsal Sundag 24. august 2014

Todalen.no feira 5-årsjubileum idag. 24. august 2009 var det premieredag for den nye nettsida. Vi var utruleg spent på om vi ville få til ei nettside som var levedyktig utan at vi skulle være med og slåss med andre media om annonsemarknaden, og berre basert på todalsrelatert nyheitsstoff. Det har vi klart, og vi er utruleg audmjuk når vi ser på dei daglege lesartala som forlengst har passert 1000 pr dag i gjennomsnitt. Hittil i år har vi hatt 238.000 besøk og har hatt 40.000 unike brukere. Sia 24. august 2009 har vi hatt 1 250 604 besøk på Todalen.no!


Ustabile vassforsyningar ved Bjøråa vassverk

Elinor Bolme Sundag 24. august 2014

Surnadal kommune hadde melom 11 og 14 i dag problemer med drifta ved det kommunale vassverket Bjøråa. Frustrasjonen var stor hos abonnentane, då dei for andre gongen denne veka var vasslaus. Beredskapsvakta på kommunen vart rimeleg kjapt varsla, og vakthavande Gunnar Bøe kan fortelje at vassføringa gjekk som normalt i 14-tida.


Sykkeltrimmen med «utror» til Valsøyfjord

Jon Olav Ørsal Sundag 24. august 2014

Laurdag dukka vi borti sykkelrittet «Valsøyfjorden rundt», og jammen var det ikkje ei tropp frå sykkeltrimmen på Nordvik som var der for å vise musklar, eller kanskje heller for å måle musklane og kondisen mot resten av sykkelmiljøet. Nokre av dei starta i trimklassen og kjørte ein runde på 21 km rundt Valsøyfjorden, medan konkurranseklassen tok to rundar og fikk 42 km.


Takk for kampen, og cupen!

Elinor Bolme Laurdag 23. august 2014

Rundt 500 unge fotballspillere fordelt på 57 lag og 91 kamper, sol og god organisering med 80-90 frivillige, gjorde at den fjortende Søyacupen i rekken går innunder kategorien særdeles vellykket. Speaker Mangne Hansen holdt til en hver tid 7 dommere oppdatert på spilletid, som gjorde at timeplanen ble fulgt til punkt og prikke gjennom hele dagen.


Søndag: Open gard i Viastua

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. august 2014

Søndag mellom kl 12 og 16 inviterer Todalen Bondelag til open gard  i Viastua, med Ola Kvendset og familie som verstskap. ”Open Gard” er landbruket sitt årlege familiearrangement, og bondelagets viktigaste døropnar mellom landbruket og resten av befolkninga. Denne dagen opnar Ola døra til det nye lausdriftfjøset, og her vil du nok få sjå at roboten […]