Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sykkeltrimmen med «utror» til Valsøyfjord

Jon Olav Ørsal Sundag 24. august 2014

Laurdag dukka vi borti sykkelrittet «Valsøyfjorden rundt», og jammen var det ikkje ei tropp frå sykkeltrimmen på Nordvik som var der for å vise musklar, eller kanskje heller for å måle musklane og kondisen mot resten av sykkelmiljøet. Nokre av dei starta i trimklassen og kjørte ein runde på 21 km rundt Valsøyfjorden, medan konkurranseklassen tok to rundar og fikk 42 km.

Trimmarane brukte rundt 45 minutt på runden rundt Valsøyfjord en og bestemte farten sjølv, etter både evne og vilje. I racerklassane var det nok meir alvor, og der vart bestetida på to rundar 1 time og 30 sekund. Altså rundt 30 minutt på kvar runde.

Sykkeltrimmen på Nordvik har sine treningsøkter på søndagskveldar, med start frå samlingspunktet på Øygarden og så fullt gir innover til Todalen og over Brusetbrua og attende til Nordvik. Den runden er også i overkant av 2 mil.

Nedanfor finn du nokre bildeglimt frå ”Valsøyfjorden rundt” Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 24. august 2014, 11:02