Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen.no 5 år: Fort og hektisk jubileumsfeiring

Jon Olav Ørsal Sundag 24. august 2014

Todalen.no feira 5-årsjubileum idag. 24. august 2009 var det premieredag for den nye nettsida. Vi var utruleg spent på om vi ville få til ei nettside som var levedyktig utan at vi skulle være med og slåss med andre media om annonsemarknaden,  og berre basert på todalsrelatert nyheitsstoff.  Det har vi klart, og vi er utruleg audmjuk når vi ser på dei daglege lesartala som forlengst har passert 1000 pr dag i gjennomsnitt. Hittil i år har vi hatt 238.000 besøk og har hatt 40.000 unike brukere. Sia 24. august 2009 har vi hatt  1 250 604 besøk på Todalen.no!

Gratis kaffe og sjokoladekake
I dag har vi altså feira 5-årsdaget med eit stunt utafor Matkroken L. Hals, og vi hadde planlagt eit skikkeleg kaffeselskap utafor butikken med gratis kaffe og sjokoladekake. Berre ein liten halvtime før vi skulle dra i gang kl 16.00, så kom regnet. Det bøtta ned, og vi måtte improvisere innendørs kaffelag med stor velvilje frå Matkroken, og det var på hundretal som var innom og vart traktert med kaffe og sjokoladekake.

DSC_5814

Jubileumskalenderen er i eit hendig format og har eit oppslag for kvar veke der du kan gjera notatar. Foto: Jon Olav Ørsal

Jubileumskalender
5 års stuntet har vi jobba ein del med i sommar, og resultatet er ein flott lommekalender for 2015 med bilder frå Todalen og med eit oppslag for kvar veke for å notere møter eller kva du vil. Praktisk lommeformat og solide platpermar med spiralrygg. Disse kostar kr 50 og vi opplevde skikkeleg pågang frå folk som ville sikre seg ein slik. Det er laga 200 stk, og når dei er selt ut er det tomt!  Vi har enno eit 50-tal att, så vil du sikre deg ein slik ein så bør du være kjapp, og snarast ta kontakt med Mari Redalen tlf 959 24 545 eller Ellinor Bolme tlf 901 96 268.

Mange saker
Dersom vi skal drodle litt meir med tal og statistikk, så har vi i løpet av dei 5 åra produsert 3696 saker og har ett kvart fått rundt 8000 bilder i mediebiblioteket på nettsida. Alt dette kan du finne fram igjen gjennom å søke etter saker og bilder, og vil nok etter kvart bli ein verdifull historisk dokumentasjon.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå jubileumsfeiringa der vi i allfall rakk å «feste på filmen» nokre av kaffegjestane.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 24. august 2014, 19:50 - Sist oppdatert: 25. august 2014, 22:34