Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutning med Dr Bekken

Jon Olav Ørsal Måndag 25. august 2014

Søndag 31. august markeres sesongavslutningen på Todalshytta med konsert, fortel Eric Malling. Det er den kjente bluespianisten Dr Bekken, eller  Tor Einar Bekken som han egentleg heiter, som da kjem til Todalshytta for å halde konsert på kvelden. Konserten startar kl 18, og blir det bra vær og god temperatur satsar vi på å halde til på plassen framfor hytta, seier Eric Malling til Todalen.no. men han tek vêrforbehald, og dersom det blir surt vær, blir nok konserten flytta innendørs.

Det blir ein stor times konsert, der vi får høre forskjellige ting av det som Dr bekken har å by på, og det er mykje bluestonar i New Orleanssjangeren. Dr bekken er en av de fremste bluespianistane i landet, og det er nok lurt å ta turen til Todalshytta denne dagen for å oppleve denne pianokunstneren.

DrBekken2

Bluespianisten Dr Bekken holder konsert på Todalshytta søndag 31. august. Foto:Nina Noreen.

Tor Einar Bekken  kommer egentleg frå Finnskogen, men bor nå i Trondheim, der han jobber som musikklærer. Eric Malling kjenner Bekken godt, og har jobbet mye sammen med han og mellom anna gjeve ut 4 album saman med han.

Her får du eit par smakebitar av det som Dr Bekken har på menyen – Django og St Pete – nyt musikken og meld deg på konserten på telefon 480 99 478 til Eric!

 

Først publisert: 25. august 2014, 20:23 - Sist oppdatert: 30. august 2014, 09:41