Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturvandring på Årnes

Marit Haugen, Stangvik Historielag Torsdag 28. august 2014

Laurdag den 30. august skal Stangvik Historielag i samarbeid med Årnesgardingane arrangere «kulturvandring» på Årnes, med oppmøte/parkering ved Årnesgardane kl 11.00 (det vil bli anvist plassar for parkering). «Vandringa» startar ved Kjergroneset, ca 1 km vest for gardane. Her er det lite med parkeringsplass, så det vil bli samkjøring utover. Heile turen tek ca 2 timar, men det er muleg å «hopp tå» omtrent halvveges, da kjem ein rett ned til Årnesgardane. Vi skal stort sett gå etter nyrydda skogsvegar, så er det opphaldsver, skal det vera greitt å gå i joggesko (evnt lette fjellsko). Etter turen – ca kl 14.00 – vil det bli servering av kaffe og litt underhalding i grendahuset. Her får vi og sjå gamle bilder frå området.

Det er rydda og merka eit løypenett på ca 3 mil på Årnes, det meste av dette er oppgått med GPS. Løypenettet er lagt slik at ein kan gå rundturar frå fleire utgangspunkt, og det er oppsett ca 130 namneskilt i området, og på 19 av desse plassane er det oppsett postkassar som inneheld turbok og ein liten beskrivelse av plassen/kva namnet kjem av.

Vi skal ha med oss Svein Aarnes og Odd Hamnes som «gaidar» på turen – dei har utruleg mykje kunnskaper om området, og har mange historier å fortelja frå «gamle dagar». Dei har og vore «primus motor» for merking og rydding, og har lagt ned eit fenomenalt arbeid med dette.

Så møt opp på Årnes laurdag den 30. august kl 11.00, alle er vel møtt!!

Publisert: 28. august 2014, 07:17