Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2014

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.


Toåa – laksefisket startar i natt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juni 2014

I natt blir laksen «fredlaus» i Toåa. I Toåa og fleire av dei små lakseelvane på Nordmøre er starten litt seinare enn i Surna og Driva, som starta alt 1. juni. Fisketida i Toåa har dei siste åra vore frå og med 15. juni, til om med 15. august. Dette gjeld både laksefisket og aurefisket, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Bruset er spent på korleis årets sesong blir etter det bedrøvelege resultatet for fjorårets sesong.


Vil du kjøpe lodd?

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juni 2014

Bror og Sindre hadde laurdag formiddag plassert seg midt i kundestraumen utafor Matkroken L. Hals. Dei er i gang med salg av lodd i SuperLotteriet, der trekninga skjer under Todalsdagen 28. juni. Dei var tydeleg på at lodda kosta 20 kroner, og at du kunne få 5 lodd for ein hundrelapp.


Elinor Bolme Laurdag 14. juni 2014

RBL Landbrukssenteret i Rindal har vakttelefon i sommer, og nå er siloslåtten i full gang! Vakttelefonen hos RBL Landbrukssenteret i Rindal er 48 31 96 12, det samme som den vanlige verkstedtelefonen. Åpningstid er til kl.21.00 på hverdager, og til kl.18.00 lørdag/søndag.


Som Nederland mot Ertvågøya

Knut Bergli Laurdag 14. juni 2014

Etter to knepne tap var det tid for a-laget til Søya-Todalen å vise at de også kan vinne fotballkamper. Fredag gjorde de som Nederland, knuste et godt fotballag 5-1. Mål av Gøran Stenberg, Ola Heggset (2), Erling Øye og Tony Seterbø. På en nyluftet bane vartet guttene opp med feiende flott angrepsspill og altså 5 mål.


Stavgang til Storfossen og «Markagardan»

Vidar Sogge Fredag 13. juni 2014

Torsdag 12. juni møttest Stavganggruppa ved Gammelfabrikken i Todalen, der vi vart ønskte velkomne av Jon Olav Ørsal før vi la i veg opp Gammelvegen opp Falla, med Bjørg og Per Bruset som vegvisarar. Snart kom vi inn på Dalavegen, og følgde denne til vi kom opp til Talgø gard, der vi snudde og sette snuten nedover att.


Sjarmert i år óg!

Elinor Bolme Fredag 13. juni 2014

Det er alltid ei triveleg samling når skule og barnehage inviterer foreldre, besteforeldre og andre interesserte til avslutning på nok eit skuleår. Årets var intet unntak, der ungane viste fram kva dei hadde øva på den siste tida. Barnehagen fekk plass tidleg i programmet med sine tre songar fremst frampå scenekanten. Etterpå gjekk det slag i slag med vitsar, dansenummer, sketsjar med og utan poeng men med dertil større innlevelse. Akkurat slik vi likar det.


Nytt busskur på plass i Todalskrysset

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2014

Denne veka har det kome på plass eit flunkande nytt buss-skur ved Todalskrysset.  Ragnar Halle fortel at Vegvesenet hadde ledige midlar til slike tiltak, og på eit møte rundt påsketidar vart det lufta eit ønske om eit krypinn på busstoppen der. No er det alt på plass, og det vil nok mange reisende som ventar […]


NB! Sjekk boksen og tøm!

Elinor Bolme Torsdag 12. juni 2014

Tidlegare omtala brannslukkeboks Prevento her på todalen.no, er no anbefalt frå fleire hald om å fjerne eit parti som har merkinga 281014 i botnen. Prevento var produsert i Tyskland og hadde hovudlageret i Kristiansand. Produsenten er visstnok ikkje å få tak i , medan grossisten i Kristiansand er konkurs, melder Solvor Lindseth Øyen, som tidlegare hadde denne for salg.


VAMOS LÁ BRASIL

Elinor Bolme Torsdag 12. juni 2014

Om få straksar er VM i Brasil i gang, og i fleire heimar går dette slettes ikkje upåakta hen. Hos Gunnar og Jacqueline Nordvik på Liatun er det no VM-stemning døgnet rundt. Som de ser av bilda er alle skjønnt enige i at det er berre eitt lag; Brasil!


Skuleavslutning i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. juni 2014

Eit skuleår er over, og det er tid for å markere dette i gymsalen ved Todalen oppvekstsenter. Det skjer altså torsdag kveld og startar kl 18.00. Skuleborna byr på underhaldning, og i tillegg blir det både ein kaffeserveing og loddsal.  Alle er velkomne!    


Servertrøbbel i morgontimane

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. juni 2014

Kom du ikkje inn på Todalen.no i dag tidleg, så har det si naturlege forklaring. Servertrøbbel var årsaka, men no er problema løyst og det er normal trafikk på nettet igjen.


Innspurten i gang på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. juni 2014

Innspurten på anleggsarbeid på lysløypeanlegget på Tjønnmyra er i gang. Etter at Per Gjeldnes Maskin har planert og pynta på løypetraseen dei siste vekene, er no arbeidet med lysanlegget starta. Kablar er alt gravd ned og det som står att er montering av pålar. Det arbeidet starta tysdag kveld, og da vi var oppom Tjønnmyra hadde dugnadsgjengen alt fått på plass dei første pålane.