Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjarmert i år óg!

Elinor Bolme Fredag 13. juni 2014

Det er alltid ei triveleg samling når skule og barnehage inviterer foreldre, besteforeldre og andre interesserte til avslutning på nok eit skuleår. Årets var intet unntak, der ungane viste fram kva dei hadde øva på den siste tida. Barnehagen fekk plass tidleg i programmet med sine tre songar fremst frampå scenekanten. Etterpå gjekk det slag i slag med vitsar, dansenummer, sketsjar med og utan poeng men med dertil større innlevelse. Akkurat slik vi likar det.

5. og 6. klasse delte saman med FAU-representant Ragna Kvendset ut blomster til dei tilsette både ved skulen og barnehagen. Litt vemodigt vart det nok både for gutane, og lærar Laila som no takka for seg etter bortimot 13 år ved skulen. Ho tek til som lærar ved Stangvik oppvekstsenter frå hausten.  Det er ingen 7. klassingar som går ut no til våren, men vi fekk helse på dei tre nye 1. klassingane som byrjar til hausten.

Mange møtte fram til avslutningskvelden, og matfata vart sopa reine til slutt. FAU held i kaffepausen utloddning, med mange gjeve gjevinstar.

Under er eit galleri frå kvelden. Alle foto Elinor B.

Først publisert: 13. juni 2014, 12:00 - Sist oppdatert: 12. juni 2014, 22:43