Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NB! Sjekk boksen og tøm!

Elinor Bolme Torsdag 12. juni 2014

Tidlegare omtala brannslukkeboks Prevento her på todalen.no, er no anbefalt frå fleire hald om å fjerne eit parti som har merkinga 281014 i botnenPrevento var produsert i Tyskland og hadde hovudlageret i Kristiansand. Produsenten er visstnok ikkje å få tak i , medan grossisten i Kristiansand er konkurs, melder Solvor Lindseth Øyen, som tidlegare hadde denne for salg.

Etter fleire rapportert episodar, der blandt anna ein boks eksploderte inne i kjøkenskåpen hos Ragnhild Ansnes Moe, ber Solvor alle som har slike i hus om å forsiktig tømme dei utandørs. Dette gjeld altså alle boksar i partiet med trykket 281014 under som må tømmast og leverast der «boksavfall» skal leverast. 

Under ser de ein som gikk i lufta på Kvernhaugen for ei lita veke sidan. Årsaken til dette er svak sveis i botnen på akkurat dette partiet.

10443309_651009254988526_7793296111102795640_n        10338701_651009271655191_9178574069259888868_n

Foto: Ragnhild Ansnes Moe

Desse boksane må ikkje forvekslast med boksane som blandt anna Gjensidige Surnadal selger/gir ut. Dei er kvalitetssikra etter alle kunstens reglar. Dei kan fortsatt anbefalast som eit supplement til ordinært sløkkjeutstyr i heimen. Les meir om dei her på Gjensidige sin sikkerhetsbutikk

Først publisert: 12. juni 2014, 23:09 - Sist oppdatert: 14. juni 2014, 08:45