Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Brannvern på boks

Brannvern på boks

Elinor Bolme Måndag 22. november 2010

Adventstid og juleforberedelsar, ei tid med levande lys og smultgryter. Då er det viktig å vera forberedt meiner Solvor Lindset Øyen. Ho er forhandlar av eit nytt brannvernmiddel som no er på markedet. Middlet heiter Prevento, og har fått sers gode skussmål blandt fagfolk, dokumenterte sådann.

Prevento er produsert i Tyskland og har hovudlageret i Kristiansand og er ein slokkespray. Behaldaren er på 600 ml, og høver godt i campingvogn, på hytta eller i båten. Men ikkje for det, den sløkkjer brannar kvar den måtte oppstå, seier Solvor. Mange forvekslar den med slike som ein får kjøpt på til dømes byggevarebutikkar, men dette er ikkje det same. Prevento er sterkare i bruk, på ein slik måte at den sløkkjer brannar både i A, B, C og F – klassane, i motsetning til dei andre midla som tek kun A og B. Der brann i A-klassen famnar brann i tre, papir og tekstil, B i væsker som bensin og olje, C i gass og F brann i matolje.

Ein anna positiv ting med Prevento, er at det kan vaskast bort med vatn etter at midlet har vore i aksjon. Det legg seg heller ikkje over alt, slik som ved bruk av eit vanleg brannslokningsapparat, det impregnerer i staden brannområdet.

 

Solvor Lindset Øyen tek imot bestillingar på Prevento, ein av dei beste sløkkjesprayane som no er å finne på markedet. Ei billig investering med tanke på kor fort det kan gå gale…

Først publisert: 22. november 2010, 22:13 - Sist oppdatert: 23. november 2010, 09:02