Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt busskur på plass i Todalskrysset

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2014

Denne veka har det kome på plass eit flunkande nytt buss-skur ved Todalskrysset.  Ragnar Halle fortel at Vegvesenet hadde ledige midlar til slike tiltak, og på eit møte rundt påsketidar vart det lufta eit ønske om eit krypinn på busstoppen der. No er det alt på plass, og det vil nok mange reisende som ventar på skyss sette pris på.

Lagerskuret som står på parkeringsplassen ved Todalskrysset. Foto: Jon Olav Ørsal

Der står det også eit anna skur som fungerer som eit slags varemottak, der det blir lagt inn aviser og andre varer som skal hentas ved Todalskrysset. det står oppå eit par pallar for å kunna flyttast etter behov og i forbindelse med snørydding. Ein lokal kjøpmann vart forresten fanga i dette skuret, da pallen det står på svikta og skuret bikka fram med opne dører tidlegare i vår. Det høyrer med til historia at han kom frå det uten fysiske skader.

Først publisert: 13. juni 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 12. juni 2014, 22:12