Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2013

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Stavgangtur til Grantrøinn i Stangvika

Stavgangtur til Grantrøinn i Stangvika

Vidar Sogge Fredag 3. mai 2013

Torsdag 2. mai var det varsla storm og store snømengder, – ikkje særleg lokkande for den som skulle på stavgangtur! Heile føremiddagen lava snøen ned, og den kraftige vinden peip rundt novene og fekk dei store trea til å svaia. Det blir nok ingen som møter på stavgang i dag, nei! Men i 12-tida, ein time før start, stilna stormen, snøveret gav seg og sola viste seg på himmelen! 14 hardhausar møtte til stavgang, langt over det ein kunne venta slik som vêret hadde vore på føremiddagen.

Les heile saka

Kulturvandring til Åsbøhagen

Kulturvandring til Åsbøhagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mai 2013

Måndag 13. mai inviterer Stangvik historielag til kulturvandring til Åsbøhagen og besøk i smia hos Ola Polden. Han er litt av ein tusenkunstner, og det blir nok eit interessant og artig besøk, for han har både mykje å vise fram og mykje å fortelje. Dette er den første av 4 kulturvandringar som Stangvik historielag skal ha i løpet av sommaren 2013. Historielaget ønskjer alle velkomne til å delta på lagets kulturvandringer.

Les heile saka

Bordholmen: Sesongens første hjemmekamp for A-laget

Bordholmen: Sesongens første hjemmekamp for A-laget

Knut Bergli Torsdag 2. mai 2013

Til tider kraftig vind på Bordholmen hindret ikke A-laget til Søya/Todalen i å spille fin og underholdende fotball torsdag kveld. Mål av Sondre, Kenneth og 1 selvmål ga seier 3-0 i sesongens første hjemmekamp. Over femti tilskuere fikk se et hjemmelag gå hardt ut og kom til mange sjanser før de fikk sitt første mål midt i første omgang. Et skudd i stolpen og et par sjanser på corner, men ingen flere mål før pause.

Les heile saka

Ei oppleving for livet – enda flere bilder

Ei oppleving for livet – enda flere bilder

Elinor Bolme Torsdag 2. mai 2013

Tradisjon tru, er elevane i 7 klasse ved alle skulane i kommunen på skuletur til Bjørnsund i løpet av våren. Elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter har sidan måndag vore der saman med skulane Mo, Bæverfjord og Bøfjorden. Etter rapportar til ulike heimar er opphaldet vellykka så langt. Veret har vore bra, men litt mykje vind gjorde ei utflukt der havfisket sto på programmet til ei lita utfordring. Ikkje alle var like gode på 2 meter høge bølger.

Les heile saka

Heimevernet øva på støtte til det sivile samfunnet

Heimevernet øva på støtte til det sivile samfunnet

Ole Petter Talgø Torsdag 2. mai 2013

Forrige veke gjennomførte Nordmøre heimevernsområde årets trening i Surnadal. Dette foregjekk hovedsakleg på Angråmyre skytebane, men med ein feltdel ute blant publikum. Både ved Surnadal Kommunehus, Kvanne fergekai og industrikaia i Surnadal var det aktivitet.

Les heile saka

Utrykning til pipebrann

Utrykning til pipebrann

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mai 2013

1. mai vart det utrykning til ein pipebrann i Todalen. Rask reaksjon frå frå huseigaren og brannvesenet i Todalen hindra at brannen fikk utvikle seg. Litt salt i pipa dempa nok brannen, men feiaren måtte tilkallast før ein fikk sløkt pipebrannen heilt. Det er farleg dersom pipebrannen får utvikle seg, for da kan det føre til sterk oppvarming av pipa og kan antenne treverk i nærleiken av pipa.

Les heile saka

Tysklandsbrigaden – 60 år sia heimreisa

Tysklandsbrigaden – 60 år sia heimreisa

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mai 2013

I månadsskiftet april/mai er det 60 år sia Tysklandsbrigaden var avvikla, og soldatane kunne dimmitere og reise heim. Tysklandsbrigaden vart oppretta i 1947 og Norge deltok saman med ein brigade i arbeidet med å gjenreise Tyskland og skape det om til eit fredeleg medlem av verdssamfunnet. Tilsaman var 12 brigadar i Tyskland på tjeneste fram til 1953, da dei kunne reise heim.

Les heile saka

Strikkekaffe med garnvisning

Strikkekaffe med garnvisning

Elinor Bolme Onsdag 1. mai 2013

Laurdag arrangeres siste strikkekaffe denne våren. I den anledning kjem Torill Gjeldnes for å vise fram garn spunne av ull frå eigne sauer. Ulla er spunne på spinneri, og Torill har dermed fått tilbake mykje fint garn i 4-5ulike nyansar.

Les heile saka