Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgangtur til Grantrøinn i Stangvika

Stavgangtur til Grantrøinn i Stangvika

Vidar Sogge Fredag 3. mai 2013

Torsdag 2. mai var det varsla storm og store snømengder,  – ikkje særleg lokkande for den som skulle på stavgangtur! Heile føremiddagen lava snøen ned, og den kraftige vinden peip rundt novene og fekk dei store trea til å svaia. Det blir nok ingen som møter på stavgang i dag, nei! Men i 12-tida, ein time før start, stilna stormen, snøveret gav seg og sola viste seg på himmelen! 14 hardhausar møtte til stavgang, langt over det ein kunne venta slik som vêret hadde vore på føremiddagen.

Vi køyrde samla frå Bonhuset til Bøkeskogen, og gjekk derifrå til vi møtte Gammelvegen mellom Røen/Vang og Stangvika. Nede ved Lerbrua fekk vi sjå både lama og ein sau som heldt på å få lam. Vi avslutta turen oppi Bøkeskogen, der vi vart godt mottekne av fam. Bruset og Torvik med pølser m/lompe! Kjempeflott!

Mange takk til ”kokkane”, Matkroken ved L. Hals i Todalen, som også denne gongen hadde sponsa pølsene, og til stangvikgardingane, som let oss få bruka den fine uteplassen i Grantrøå. Neste stavgangtur blir den 16. mai, da med frammøte ved Folkets Hus. Marsjen går i området Hammaren – Aunet nord for Folkets Hus.

Som vanleg stavgangturen god dokumentert med bilder.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 3. mai 2013, 17:33