Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tysklandsbrigaden – 60 år sia heimreisa

Tysklandsbrigaden – 60 år sia heimreisa

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mai 2013

I månadsskiftet april/mai er det 60 år sia Tysklandsbrigaden var avvikla, og soldatane kunne dimmitere og reise heim. Tysklandsbrigaden vart oppretta i 1947 og Norge deltok saman med ein brigade i arbeidet med å gjenreise Tyskland og skape det om til eit fredeleg medlem av verdssamfunnet. Tilsaman var 12 brigadar i Tyskland på tjeneste fram til 1953, da dei kunne reise heim.

Det skjedde mykje på denne tida, og dei norske soldatane hamna nok midt oppi «Den kalde krigen» med bl.a. Berlinblokaden. Men saman med dei allierte styrkane lykkast dei etter kvart med å stabilisere situasjonen. Samtidig kom gjenoppbygginga av Norge i gang, og dei norske styrkane vart etter kvart trekte ut i 1953. Hæren bestemte at den norske brigaden skulle flyttast dit den trongs mest. Trusselen mot Norge var nok størst i nord, og dermed vart Brigaden i Nord-Norge (Brig N) etablert.

Heimreisa frå Tyskland våren 1953 gikk både med båt og bil. Det var troppetransportskipet «Svalbard» som frakta dei fleste av mannskapa, medan utsyr og bilar vart køyrt i militærkolonne gjennom Danmark og vidare med ferja «Peter Wessel» til Kristiansand, der mannskapa vart dimmitert og sende heimover med tog.

I perioden 1947 til 1953 var det til saman 23 soldatar frå Todalen og Nordvik som gjorde tjeneste i Tysklandsbrigaden. Dette er skikkeleg dokumentert gjennom heftet «Tysklandsbrigadane 471 -522» frå Todalen historielag.  Det kom ut i 2007, og er ført i pennen av Martinus Torvik og Olav Kvendset. Heftet har ein generell omtale av situasjonen som oppstod etter krigen og litt om dei 12 brigadane som gjorde tjeneste i Tyskland i perioden.  I tillegg er det omtale av kvar enkelt av soldatane herfrå. Heftet er framleis i salg, og kan kjøpast på MatKroken L. Hals og hos Todalen historielag.

På bildet øverst er dei tur heim gjennom Danmark i militærkollonne. Bak rattet Hallvard Kvendset med Jon Myrvang som kartlesar. Foto utlånt av Hallvard Kvendset.

Publisert: 1. mai 2013, 12:00