Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Utrykning til pipebrann

Utrykning til pipebrann

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mai 2013

1. mai vart det utrykning til ein pipebrann i Todalen. Rask reaksjon frå frå huseigaren og  brannvesenet i Todalen hindra at brannen fikk utvikle seg. Litt salt i pipa dempa nok brannen, men feiaren måtte tilkallast før ein fikk sløkt pipebrannen heilt. Det er farleg dersom pipebrannen får utvikle seg, for da kan det føre til sterk oppvarming av pipa og kan antenne treverk i nærleiken av pipa.

Både feiar Jon Nordvik og brannmester Tor Aren Moen presiserer at det er viktig å melde frå til brannvesenet på 110 når ein oppdagar pipebrann. Sjølv om det ser truskyldig ut kan det utvikle seg til meir omfattande brann, og spesielt er det farleg når det er gamle piper. Videre er det viktig å kontrollere forløpet, og følge med om det skjer skade på pipa som kan utvikle seg. Førstehjelp er å prøve å komme opp på pipa og helle litt grovsalt i pipa som kan dempe brannen.

I dette tilfellet var det brann i ei solid teglsteinspipe og brannvesnet kunne ikkje lokalisere skade på pipa. Men pipa vart sterkt oppvarma av brannen, og da kan det lett oppstå skade og da er ikkje vegen lang til ein meir omfattande brann. I Surnadal kommune blir det kvart år meldt mellom 5 og 10 pipebrannar, men det er nok atskillig fleire som ikkje blir meldt på grunn av at folk ofte ikkje oppdagar små pipebrannar, fortel brannmester Tor Arne Moen til Todalen.no

Publisert: 1. mai 2013, 16:29