Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ei oppleving for livet – enda flere bilder

Ei oppleving for livet – enda flere bilder

Elinor Bolme Torsdag 2. mai 2013

Tradisjon tru, er elevane i 7 klasse ved alle skulane i kommunen på skuletur til Bjørnsund i løpet av våren. Elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter har sidan måndag vore der saman med skulane Mo, Bæverfjord og Bøfjorden. Etter rapportar til ulike heimar er opphaldet  vellykka så langt. Veret har vore bra, men litt mykje vind gjorde ei utflukt der havfisket sto på programmet til ei lita utfordring. Ikkje alle var like gode på 2 meter høge bølger.

Ellers var dei på tur til Bud 1. mai, der omvisning på Ergan kystfort og shopping på kiosken stod på agendaen.

Under er ein del bilder frå opphaldet så langt. Galleriet kan bli oppdatert etter kvart om det kjem inn fleire bilder. Bilda er det lærar Laila Buskenes Aune og Ola Bolme som har tatt under opphaldet. Også Bjørnsund leirskule har lagt ut bilder frå opphaldet så langt. Dei ser du HER.

Først publisert: 2. mai 2013, 09:39 - Sist oppdatert: 3. mai 2013, 13:04