Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Gjensyn etter 39 år

Gjensyn etter 39 år

Jon Olav Ørsal Sundag 23. september 2012

I helgen hadde May-Elisabeth Holten besøk av tre damer. Disse hadde hun som elever fra 1. til og med 4. klasse på Ramnes skole (nå Re kommune) i Vestfold i perioden fra 1969 til 1973. En av dem hadde fått sporet opp May-Elisabeth, og nå i helga kom de på besøk: – to fra Tønsberg og en fra Lillehammer, for å få et gjensyn!

Les heile saka

1962-konfirmantane jubilerte

1962-konfirmantane jubilerte

Jon Olav Ørsal Sundag 23. september 2012

50 år er gått sidan dei åtte todalingane stod som konfirmantar ved Todalen kyrkje. Laurdag kveld hadde soknerådet invitert 62-konfirmantane til jubileumsfest i Ungdomshuset og til hausttakkefest i Todalen kyrkje på søndag. Alle dei 8 jubilantane kom på festa, der også bygdafolket og neste års konfirmantar var invitert. Eit førtitals gjestar vart servert middag og kaffe, og det var fleire underhaldningsinnslag på festa i Todalen Ungdomshus.

Les heile saka

Vellukka demensaksjon

Vellukka demensaksjon

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. september 2012

Surnadal demenforening og helselag melder om kjempegodt resultat for årets demensaksjon.  Ledar i foreninga, Liv Botten, melder at det kom inn kr 89 109 på innsamlingsaksjonen, og det er tangering av tidlegare rekord. Botten fortel at laget har hatt god hjelp frå årets russekull ved Surnadal vidaregåande skule, Åsskard helselag og nokre frivillige til innsamlingsaksjonen. […]


Midlertidige endringar ved Surnadal museum

Midlertidige endringar ved Surnadal museum

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. september 2012

Surnadal museum informerer om at det i perioden 13.august 2012 -15.februar 2013 blir nokre personellendringar ved Nordmøre museum si avdeling i Surnadal. Avdelingsleiar Dordi Kjersti Mogstad har permisjon frå stillinga som avdelingsleiar grunna eit halvårig engasjement ved Direktoratet for naturforvaltning. Museumskonsulent Maja Frønes vikarierer i same periode full tid som avdelingsleiar.

Les heile saka

På tur langs Søya

På tur langs Søya

Vidar Sogge Fredag 21. september 2012

Stavganggruppa møttest torsdag 20. september på Kvennbø og gjekk nedover på sørsida av elva heilt til brua nedanfor Lia. Her vart vi møtt av Lars Polden, som fortalde om arbeidet med senkinga av Søya. Lars kunne fortelja at elva før hadde vore ei problematisk flaumelv der ho slynga seg frå dalside til dalside, og som gjorde stor skade sidan ho fløymde over store område kvart år. Det hende at tilmed tredje strengen på hesjene kunne bli sette under vatn, og ofte braut ho seg nytt elvefar.

Les heile saka

Nytt blogginnlegg, frå Ranheim

Nytt blogginnlegg, frå Ranheim

Elinor Bolme Fredag 21. september 2012

Nytt blogginnlegg er i anmarsj etter eit lite, langt opphald. Denne gongen var det Birger Todalshaug som vart utfordra, og han tok den på strak arm.

Les heile saka

Dametrimmen startar på igjen

Dametrimmen startar på igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 21. september 2012

Det er igjen mørke og etter kvart kalde haustkveldar, og da er det tid for å starte trimaktivitetane i gymsalen. Dametrimmen startar på igjen førstkomande torsdag, og held det gåande kvar torsdag fram til jul – unnateke torsdag 18. oktober. Det er i år som i fjor Turid Todalshaug Sæther som er instruktør, og ho […]


Klubbritt Nordvik-Kårvatn

Klubbritt Nordvik-Kårvatn

Elinor Bolme Torsdag 20. september 2012

I morgen er det duket for klubbritt i Trollheimen Sykkelklubb. Rittet starter kl 18 på Nordvik og går opp til Kårvatn. Oppmøte og påmelding fra kl 17:30 på Nordvik. I følge klubbens si nettside er ikkje dette akkurat noko terrengritt, men terrengsykkel er “påkrevd”. Alle kan stille opp, sjølv om ein ikkje er medlem i klubben. Ta […]


Brannvern i barnehagen, med utflukt

Brannvern i barnehagen, med utflukt

Elinor Bolme Onsdag 19. september 2012

Todalen Barnehage var i dag på utflukt til Surnadal og brannstasjonen der, i anledning at det er brannverveke denne veka. Kristin Grønnes frå barnehagen har sendt oss ei lita oppdatering:

I dag har 10 barn og 3 voksne fra Todalen barnehage vært på besøk til brannstasjonen i Surnadal. Vi dro med minibuss innover, noe som var veldig stas.

Les heile saka

Spredde hjertevarme – oppdatert med helsing!

Spredde hjertevarme – oppdatert med helsing!

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. september 2012

Dei fire orangekledde damene utafor Halsbua promoterte Sjømannskyrkja, som har aksjonsdag over heile verda i dag. Og dei serverte sjølvsagt gratis bakels, som er varemerket for Sjømannskyrkja over heile verda. Todalen.no var sjølvsagt frampå for å få ein smaksprøve, og kan dokumentere at det var prima vare!

Les heile saka

Førstehjelp, diabetes og pausetrim…

Førstehjelp, diabetes og pausetrim…

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. september 2012

Tysdag kveld hadde Saniteten temakveld i Todalen Ungdomshus. Da sette dei førstehjelp og diabetes på dagsorden, og inviterte bygdafolket og dei andre sanitetsforeningane på Indre Nordmøre til temakvelden som samla mesta 60 deltakarar. Første post på programmet var enkel førstehjelp i kvardagen, der anestesisjukepleiar Ingeborg Myrvang informerte og ga gode råd om førstehjelp dersom uhellet var ute eller om ein opplevde akutt sjukdom. Ho la vekt at det kanskje er like viktig å tenkje førebyggjing, for å unngå skade eller uhell. Verstingen er vasskokaren med kokande vatn, som er livsfarleg for små ungar.

Les heile saka

Månadens bilete: Åååå, så mjuk!

Månadens bilete: Åååå, så mjuk!

Ole Petter Talgø Tysdag 18. september 2012

Denne månaden kan vi gratulere Torill Gjeldnes som vinnar av månadens bilete, «Åååå, så mjuk!». Vi gratulerer, takkar alle bidragsytarar og premien blir overbragt snart.

Les heile saka