Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Førstehjelp, diabetes og pausetrim…

Førstehjelp, diabetes og pausetrim…

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. september 2012

Tysdag kveld hadde Saniteten temakveld i Todalen Ungdomshus.  Da sette dei førstehjelp og diabetes på dagsorden, og inviterte bygdefolket og dei andre sanitetsforeningane på Indre Nordmøre til temakvelden som samla mesta 60 deltakarar.  Første post på programmet var enkel førstehjelp i kvardagen, der anestesisjukepleiar Ingeborg Myrvang informerte og ga gode råd om førstehjelp dersom uhellet var ute eller om ein opplevde akutt sjukdom. Ho la vekt at det kanskje er like viktig å tenkje førebyggjing, for å unngå skade eller uhell. Verstingen er vasskokaren med kokande vatn, som er livsfarleg for små ungar.

Ho snakka og om kvar terskelen går for å ringje lækjarvakta eller AMK-sentralen på 113.  Det gjennomgåande rådet der var nok at det er betre å ringje ein gong for mykje enn ein gong for lite. For både lækjarvakta og AMK-sentralen vil nok stille ein del spørsmål før dei rykkjer ut. Det same gjelder Giftinformasjonssentralen (22 59 13 00). Alle desse telefonnumra lønner det seg  å ha på mobiltelefonen, eller i nærleiken av fastelefon. Det same gjeld gards- og bruksnummer der du bor, som er til god hjelp for at ambulansen skal finne fram.

I pausen var det dekt til god gammeldags kveldsmat. Og sia diabetes var eit sentralt tema, var det sjølvsagt god og sunn mat, med mykje frukt og grønsaker på kveldsbordet. Men før kveldsmaten var det pausetrim. Ann Kristin Bruset frå Surnadal trenings- og velværesenter kom som ein frisk vind, og ho fikk igang blodomløpet og fikk mjuka opp ledda på sanitetskvinnene. Ho hadde fleire gode tips som ho lærte bort, både for å kurere haudverk og anna med enkle metodar.

Kveldens siste tema var diabetes. Diabetessjukepleiar Torhild Bæverfjord var hyra inn for å informere om denne sjukdomen som mange etter kvart har vorte ramma av. Ho tok for seg både kva symptom du skal væra på vakt mot, og korleis du skal takle sjukdomen på best muleg måte etter at diagnose er stilt. For du kan nemleg leve godt med diabetes.

Det er to typar diabetes. Diabetes har du når bukspyttkjertelen har slutta å produsere insulin, eller produksjonen er komen i ulage og ikkje lenger klarer å styre mengda. Type 1 har du når kroppen har sluttar å produsere insulin, medan type 2 gjer at produksjonen er komen i ubalanse eller at kroppen ikkje lenger klarer å nyttegjæra seg insulin. Når du har type 1 er det behov for å tilføre kroppen insulin gjennom ei sprøyte, medan type 2 kan behandlast på fleire måtar, mellom anna ved å velge riktig kost og drive fysisk aktivitet.

Bæverfjord poengterte at det er viktig å førebyggje diabetes gjennom riktig kosthald og gjennom aktiv bruk av kroppen. Ikkje minst er det viktig å passe kroppsvekta. Med mykje frukt og grønsaker, trim, forsiktig bruk av salt og feitt, kan du aktivt redusere sjansen for at du skal utvikle diabetes.  Dette kan du lese meir om på nettstaden www.diabetesrisiko.no.

Bilder frå Temakvelden med Todalen sanitetsforening.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 Heimelaga knekkebrød (Oppskrifta har vi fått med Ragnhild Ansnes Moe)
Dette knekkebrødet vart servert til kveldsmaten, og det var mange spørsmål om oppskrifta som kjem her:

1 dl sesamfrø, 1 dl gresskarfrø, 2 dl solsikkefrø, 2 dl linfrø, 2 dl grovrug, 2 dl havregryn (store), 2 ts salt og 7 dl vatn.
La deigen svelle 30 minutt, før du klappar ut på 3 plater (utan å bruke bakepapir)
Sett platene i omnen på 175 grader i 30 min, ta ut platene og skjær opp flaka til høveleg storleik
Innatt på 150 grader i 40 min. Altså skal dei stå 70 minutt i omnen totalt.

Først publisert: 19. september 2012, 16:00 - Sist oppdatert: 20. september 2012, 14:29