Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På tur langs Søya

På tur langs Søya

Vidar Sogge Fredag 21. september 2012

Stavganggruppa møttest torsdag 20. september på Kvennbø og gjekk nedover på sørsida av elva heilt til brua nedanfor Lia. Her vart vi møtt av Lars Polden, som fortalde om arbeidet med senkinga av Søya. Lars kunne fortelja at elva før hadde vore ei problematisk flaumelv der ho slynga seg frå dalside til dalside, og som gjorde stor skade sidan ho fløymde over store område kvart år. Det hende at tilmed tredje strengen på hesjene kunne bli sette under vatn, og ofte braut ho seg nytt elvefar.

Alt på 30-talet tok dei til å diskutera kva som kunne gjerast med dette, men utan at dei såg seg i stand til å starta på eit så stort prosjekt. Det var ikkje før først på 1980-talet at ting tok til å skje. Da vart Lars Polden vald til leiar for senkingslaget, og ved eit samarbeid mellom grunneigarar, kommune og stat vart flaumsikringa av elva gjennomført i åra 1985 til 1989. No er den 7,5 km lange elva korta ned til 5 km, og flaumsikring av eit 2700 mål stort område, like stort som Surnadal nedanfor Skei, er gjennomført. Og kven skulle vel tru at dalføret mellom Kvennbø og Haugafossen er breiare enn Surnadal ovanfor Skei?

I tillegg til senkinga vart det bygd gode vegar på båe sidene av elva, nedanfor Lia ei stor bru som tåler vekta av dumparar på opptil 13 tonn, fleire kanalar og 8 tersklar. Alt dette for 10 mill. kroner! Etter dette vart det slutt på sommarflaumane i Søya. Einaste overfløyming var i fjorvinter, da ein ispropp nedanfor Kvennbø stengde elva slik at vatnet trengde inn i kjellar og fjøs. Lars Polden fortalde også at Hans Hyldbakk har namnet sitt frå dette dalføret. Først hadde slekta Pollen, garden som Lars kjem frå, men seinare slo forfedrane til Hans seg ned i Hyllbakken. Diktet ”Pollakarane” stammar frå den tid slekta til Hans Hyldbakk hadde Pollen, for i slekta mi var det ikkje så sterke karar, påsto Lars.

Bilder frå turen finn du i galleriet nedafor.   Foto: Vidar Sogge

Publisert: 21. september 2012, 22:09