Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vellukka demensaksjon

Vellukka demensaksjon

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. september 2012

Surnadal demenforening og helselag melder om kjempegodt resultat for årets demensaksjon.  Ledar i foreninga, Liv Botten, melder at det kom inn kr 89 109 på innsamlingsaksjonen, og det er tangering av tidlegare rekord. Botten fortel at laget har hatt god hjelp frå årets russekull ved Surnadal vidaregåande skule, Åsskard helselag og nokre frivillige til innsamlingsaksjonen. Ho rettar ei kjempetakk til både innsamlarar og givarar for det gode resultatet. Dersom du ikkje var heime når innsamlarane var på døra, kan du framleis gi via SMS ved å sende DEMENS til tlfnr 2160. Da gir du kr 30 til demensforsning!

Først publisert: 22. september 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 21. september 2012, 22:30