Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Kva er dette?

Kva er dette?

Elinor Bolme Tysdag 18. september 2012

I dag lurer vi på om nokon kan fortelje oss kva slags redskap det er vi ser på bilda under. Redskapen har eit blad som sitt fast, men også er bevegeleg. Eggen er på den bua sida, på ytterkant. Skaftet er nypussa, men orginalt

Om nokon veit kva slags redskap dette er og kva det kan brukast til så ta kontakt med oss på red@todalen.no eller 90 19 62 68.

Les heile saka

Nærgåande gaupe

Nærgåande gaupe

Elinor Bolme Måndag 17. september 2012

I kveld hadde dei om ikkje storfint besøk, så i allefall eit annerledes besøk i boligfeltet på Flathaugen. Thea og Alf Inge Ulvund kom litt overraskande på ei gaupe som spankulerte ved husveggen då dei kom heim i kveldinga. Dei kom på ATV, så gaupa vart naturleg nok redd og stakk til skogs igjen. Alf Inge meiner ut i frå det han såg at det var ei hann-gaupe av brukbar størrelse.

Les heile saka

Skarvdag i Bøfjorden

Skarvdag i Bøfjorden

Reidar Østvik Måndag 17. september 2012

Søndag 16. dro vi til årets nest siste museumsdag i Sjøbruksmuseet i Bøfjorden. Temaet for dagen var «Om Skarven», ved naturforsker Nils Røv. Museumsdagene i Bøfjorden er noe for seg selv. De startet i 1995, og har seinere vært gjennomført alle søndager hver sommer fra midt i juni måned til ut september. Museet åpner kl. […]

Les heile saka

Vekas kampar

Vekas kampar

Elinor Bolme Måndag 17. september 2012

Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar. Vekas kamper er som følgende: TIRSDAG: J12Søya/Todalen – Kvass/Ulvungen kl 18 på Søyabanen ONSDAG: G12 Søya/Todalen- Aure/Tustna/Ertvågøya kl 18.30 på […]

Les heile saka

Inviterer til konfirmantjubileum

Inviterer til konfirmantjubileum

Jon Olav Ørsal Måndag 17. september 2012

Laurdag kveld inviterer soknerådet til konfirmantfest i Todalen ungdomshus. Dei skal feire 50-års konfirmantane, altså dei som vart konfirmert i 1962. Det var i 1962 8 konfirmantar i Todalen kyrkje, og alle har takka ja til invitasjon til jubileumsfesta, fortel Terje Nordvik i soknerådet. Årets komfirmantar vil også ta del i jubileumsfesta, og i tillegg inviterer dei alle todalingar til Ungdomshuset denne kveld.

Les heile saka

G19 med poengdeling

G19 med poengdeling

Jon Olav Ørsal Sundag 16. september 2012

G19 trefte søndag Ekko/Aureosen i ein målrik kamp på Søyabanen. Sjølv om Ekko var først ute med scoring, var det ein jamn kamp med pausereultat 2-2. Etter pause auka TSKU til 4-2, men Ekko tok seg innat og utligna til 4-4. Men TSKU auka på til 5-4 da det var 7 minutt att av ordinær tid. Sigeren var da innafor rekkjevidde, men Ekko utlikna til 5-5 da kampen var 3 minutt på overtid.

Les heile saka

Flott konsert med Tellefsen & Co

Flott konsert med Tellefsen & Co

Jon Olav Ørsal Sundag 16. september 2012

Laurdag ettermiddag var det klart for tjuvstart av KKKK Festivalen 2012 (Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival) i Stangvik kyrkje. Dei kunne lokke med sjølvaste Arve tellefsen som trekkplaster i tillegg til Møremusikarane, Kristiansund Kammerkor og polske solistar for høvet. Dei framførte Ludwig van Beethovens musikk, med eit par romanser i F- og G-dur, med Arve Tellefsen som solist og messe i C-dur med fire polske solistar.

Les heile saka

Arve Tellefsen i Stangvik kyrkje

Arve Tellefsen i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. september 2012

Laurdag kl 17  blir det høve til å høyre Arve Tellefsen i Stangvik kyrkje. Da «tjuvstartar» han nemleg KKKK festivalen (Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival) med sin konsert i Stangvik kyrkje, der han er solist saman med Kristiansund kammerkor, Møremusikerne og mange andre. Den offisielle opninga av festivalen skjer søndag kl 17  i Kirkelandet kyrkje. Her finn […]


Prosjekt stimerking på Nordvik

Prosjekt stimerking på Nordvik

Sverre Kjølstad Fredag 14. september 2012

Onsdag 12. september var det styremøte i Nordvik grendalag. Turstier i Nordvikmarka var hovedtema på dette møtet, og i den anledning var Harald Solvik og Bodil Gjeldnes invitert til møtet for å komme med veiledning og gode råd. Etter at leder i grendalaget, Oddvar Mikkelsen, hadde ønsket velkommen og gitt en orientering om videre framdrift […]

Les heile saka

Uheldig snekkar

Uheldig snekkar

Jon Olav Ørsal Fredag 14. september 2012

Ein snekkar var uheldig under arbeid på taket på nyfjøset i Viastua torsdag. Dei nylagte stålplåtene vart nok litt glatte i regnværet, og så var uhellet ute og han fall ned frå taket. Han vart nok litt mørbanka av fallet, og fallet medførte brot i eit handledd. Uhellet skal rutinemessig etterforskast skriv Tidens Krav på […]


Lite rype i fjellet

Lite rype i fjellet

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. september 2012

Måndag 10. september starta årets rypejakt. Det blir rapportert om lite ryper i fjellet, og mange plassar er årets rypejakt rett og slett avlyst. Den seine våren og kalde sommaren må nok ta skulda for dette, og det er nok mange ryper som rett og slett har hatt mislukka klekkjing. I Møre og Romsdal vart det i fjor felt 5900 ryper, og korleis tala blir i år er det ingen som veit.

Les heile saka

Ope møte om diabetes og enkel førstehjelp

Ope møte om diabetes og enkel førstehjelp

Elinor Bolme Torsdag 13. september 2012

Tirsdag 18.september kl. 19.00 arrangerer Todalen Sanitetsforening ope møte i Todalen Ungdomshus.
Sanitetsforeningene i Rindal, Straumsnes, Halsa, Torvik og Øvre Surnadal er også inviterte, men Todalen Sanitetsforening håpar at programmet er såpass interessant at fleire møter opp.

Les heile saka