Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nærgåande gaupe

Nærgåande gaupe

Elinor Bolme Måndag 17. september 2012

I kveld hadde dei om ikkje storfint besøk, så i allefall eit annerledes besøk i boligfeltet på Flathaugen. Thea og Alf Inge Ulvund kom litt overraskande på ei gaupe som spankulerte ved husveggen då dei kom heim i kveldinga. Dei kom på ATV, så gaupa vart naturleg nok redd og stakk til skogs igjen. Alf Inge meiner ut i frå det han såg at det var ei hann-gaupe av brukbar størrelse.

Under er eit bilde teke den 8. august. Anders Ansnes Karlsen fann dette rådyret i åkeren ved hønsefjøset under rundballepressinga. Om det er gaupa som har teke livet av rådyret skal ikkje hevdast, men usansynleg er det kanskje ikkje.

Foto: Ola Bolme

Publisert: 17. september 2012, 21:47