Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2011

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Den Gyldne Patron til Karen Johanne og Svein

Den Gyldne Patron til Karen Johanne og Svein

Jon Olav Ørsal Sundag 20. november 2011

Da festledar Lars Stensby kunne ønskje velkomen til Hjortfesta 2011 var det benka mellom nitti og hundre glade festdeltakarar rundt borda i Todalen Ungdomshus. Det var Todalen Idrettslag som hadde invitert sambygdingane til årets Hjortfest, medan Husby og Halle Jaktlag var vertskap. Tradisjon tru starta programmet med den lokale Jaktvisa som Jon Lunde er opphav til. Vidare vart det diska opp med velsmakande Jegergryte, som var servert med koka ris til.

Les heile saka

Surnadal Regnskap – faglig oppdatering

Surnadal Regnskap – faglig oppdatering

Jon Olav Ørsal Sundag 20. november 2011

Surnadal Regnskap AS melder at dei dessverre må vi holde stengt torsdag 24. og fredag 25. november på grunn av faglig oppdatering.


Klart for Hjortfest i kveld

Klart for Hjortfest i kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. november 2011

Todalen.no var ein snartur innom Ungdomshuset i ettermiddag. Her var det pådekt og klart til å ta i mot gjestar, og på kjøkkenet var det full aktivitet med kveldens hovudrett som er viltgryte. Husby og Halla Jaktlag er vertskap, og festsjefane Lars Stensby og Nils Ove Bruset var opptekne ved grytene da vi var innom. Dei […]


Webkamera ute av drift

Webkamera ute av drift

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. november 2011

Web-kameraet på Hjellnes har vore ute av drift sia 28. juli kl 12:55. Det viser ein regnfull dag i Todalen, og bildet kunne nok ha stemt med vêrforholda for fredag. Todalen.no var torsdag i kontakt med kundeservice på Svorka om problemet, og dei var klar over at det lenge har vore problem på Hjellnes. Vi […]


Full fart i Skog-Kompaniet

Full fart i Skog-Kompaniet

Jon Olav Ørsal Fredag 18. november 2011

2011 har vore eit travel år for Skogkompaniet fortel dagleg ledar Kristen Bruset. Han fortel at dei tidleg såg at det kom til å bli bra med oppdrag. – I ettetid ser vi at det var bra, for det har ikkje vore allverdens tilgang på nye oppdrag utover året. Mykje av oppdraga har også vore knytt opp mot knappe tidsfristar, så det har til tider vore travel. Dette har imidlertid ført til at 2011 ser ut til å bli eit år med rekordomsetning, med ei omsetning som nok vil overstige rekordåret 2009 da vi enda opp på 17,6 mill i omsetning.

Les heile saka

Basar på Nordvik

Basar på Nordvik

Sverre Kjølstad Torsdag 17. november 2011

Høsten er basartid.  I.L. Søya avviklet sin basar sist søndag, og førstkommende lørdag er det Stangvik grendalag sin tur med basar i Bondehuset. Nordvik grendalag følger hakk i hel, og har basar i Nordvik forsamlingshus søndag 20. november kl. 1900. Da blir det vanlig basarbord, åresalg, pilkasting og kakeutlodning. Det blir også salg av kaffe […]


Basar i Bondehuset i Stangvik

Basar i Bondehuset i Stangvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. november 2011

På ettermiddagen laurdag (kl 16) opnar Stangvik Grendalag dørene til den årlege basaren. Som vanleg er det gratis mat, åresal og stort basarbord. Det blir også konkurranse i ballkast, luftgeværskyting med meir. Flotte premiar i konkurransane lover leiar i Grendelaget Carsten Andersen.


Temadag med premiere på aldersheimen

Temadag med premiere på aldersheimen

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. november 2011

Føre helga fekk vi besøk av Martinus Ranheim her på aldersheimen. Han hadde med seg ferske eksemplar av Stangvik Historielag sitt årsskrift for 2011 som vi fekk. Takk for gåva! Martinus las om Stangvik rundt 1890 ut ifrå eit bilete og eit måleri. Teksta er skrive av Terje Ramsøy-Halle og vi fekk mykje historie rundt gardar, heimar og hus! Mange av oss var kjente med noko av stoffet, men fekk høre mykje nytt! Vi var lydhøre på Blåstua denne føremiddagen.

Les heile saka

Brit vann gavekort i sykkeltrimmen

Brit vann gavekort i sykkeltrimmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. november 2011

Til trekking av årets vinnar av sykkeltrimmen, har idrettslaga i Todalen, Søya, Bøfjorden, Øvre og Nedre Surnadal levert sine lister til Folkehelsekoordinatoren i Surnadal kommune. Vinnaren i år er Brit Hansen, som var registrert på ei liste frå Søya idrettslag. Ho fekk eit gåvekort frå Helse og Familieeininga i kommunen, til bruk på Intersport, pålydande kr.5.000, skriv Surnadal kommune på si heimeside.

Les heile saka

Ola satsar på mjølkeproduksjon

Ola satsar på mjølkeproduksjon

Jon Olav Ørsal Måndag 14. november 2011

Det er nok mange som lurar på kva som skal skje i Viastua, der det er stor byggjeverksemd med utgraving og støyping av store grunnmurar etter kvart. Det er Ola som satsar på ei framtid som mjølkeprodusent, og no utvider han fjøset med ca 500 m2. Det skal bli plass til nærare 50 mjølekyr, og mjølkerobot til rundt 1,5 mill. kroner er allereie på plass og teken i bruk. Ola er ikkje redd for å satse, for han seier at det er heilt sikkert at vi treng mat i framtida også. Innan 2050 må verda doble matproduksjonen dersom det skal bli nok til alle. Noko av dette skal produserast på Kvennset!

Les heile saka

Fotballbasar i Myrvang

Fotballbasar i Myrvang

Elinor Bolme Måndag 14. november 2011

Søndag ettermiddag var det stor basarstemning i Myrvang. Det var idrettslaget med fotbalgruppa i IL Søya i spissen som sto for arrangementet, der dei i løpet av kvelden også delte ut deltakarpremiar til alle aktive fotballspelarar frå G/J8, heilt opp til G/J12. Herunder kjem også todalsungane som spelar i klassane G10, J10, G12 og J12.

Les heile saka

Tone med konsert og plateslepp

Tone med konsert og plateslepp

Jon Olav Ørsal Måndag 14. november 2011

Tone Søyset Døving torsdag kveld den nye singel-CD’n «Julenatt – Julesanger fra Nordmøre». Det skjer i Surnadal kulturhus kl 19:00, der det blir ein liten konsert med gratis inngang. Da blir det også høve til å kjøpe plata, og få den signert – ei høveleg julegåve til den som har alt! Julenatt inneheld 2 juleklasikarar; «Mitt hjerte alltid vanker» og «Juleverset», samt den nye songen «Måneskinn».

Les heile saka