Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotballbasar i Myrvang

Fotballbasar i Myrvang

Elinor Bolme Måndag 14. november 2011

Søndag ettermiddag var det stor basarstemning i Myrvang. Det var idrettslaget med fotbalgruppa i IL Søya i spissen som sto for arrangementet, der dei i løpet av kvelden også delte ut deltakarpremiar til alle aktive fotballspelarar frå G/J8, heilt opp til G/J12. Herunder kjem også todalsungane som spelar i klassane G10, J10, G12 og J12.

Basarsjef Kristin Bæverfjord kunne til slutt kunngjere at det hadde komme inn 41300 kr på arrangementet, då med 12000 i førehandssal. Pengar som kjem godt med til viare drift av fotballgruppa.

Under nokre bilder frå basaren. Alle foto: ElinorB

Publisert: 14. november 2011, 21:21