Sølvvinnere i HydroCup
Vi gratulerer Lena Rovik frå Todalen og resten av Kvasslaget med flott sølvmedalje under HydroCup i helga. Her har vi saksa eit oppslag i Aura Avis om den spennede kampen. Vi gratulerer med innsatsen!
Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.
Vi gratulerer Lena Rovik frå Todalen og resten av Kvasslaget med flott sølvmedalje under HydroCup i helga. Her har vi saksa eit oppslag i Aura Avis om den spennede kampen. Vi gratulerer med innsatsen!
I går kveld var det dugnad hos Todalen Sanitetsforening i Todalen. Det vart ikkje lege på latsida på noko vis. Busker vart flytta, plen vart opplina med tråd og redskapsboda innreidd.
Les heile sakaLaurdag 12. juni inviterer Ålvundfjord Bygdelag på nytt «Farra Fjor’n-arrangement». Det heile startar med at bygdelaget arrangerer tur til Todalen, der dei skal besøke Svinviks arboret. Vidare går turen til Todalen ungdomshus og vidare til Pakkhuset Pub for mat og drikke. På turen attende iviterer dei Todalingane til å bli med til fest i ungdomshuset Fossheim. Turen går via Hals-tunet og Steinsvoll til Fossheim.
Les heile sakaVi har fått informasjon fra Surnadal Velværesenter om kampanjer og aktiviteter utover året. Les saka eller gå inn på Surnadal Velværesenter sine heimesider, kor du finn timeplanar, informasjon om trening og medlemsskap.
Les heile sakaJon Bruset har vore på ny fjelltur. Denne gongen bar det også over Nordmarka til gamle Åsskard. Han skriv:
«Så vart det tur til Sæterbøskardet i gamle Åsskard kommune.Til setergrenda med Sæterbøsetrene og til fjelltoppen Skarven der ein har fin utsikt oppover Bæverdalen, og ein ser også langt inn i Trollheimen og utover havet mot Smøla om det er klårver.
Vi vil gratulere Frode Grønmyr som vinnar av månadens bilete i mai. Med nesten halvparten av de avgitte stemmene, var det tydeleg at det var eit populært bilete. Vi vil takke alle som sender inn bilete, og håpar dykk fortsett med det. Du kan og sjå på dei andre kandidatane, eller alle dagens bilete som […]
Frå Einar Grønnes har vi fått tekst og bilde frå historielagets søndagstur til Søyådalen. Han skriv:
«Da klokka var 10 hadde det samla seg ca. 40 personer ved gamle Eidet skolesom ville vera med. Kjørte i kollone innover dalen til første stopp som var der ein tek av til Tverrådalen, her var det informasjon.
Det er fortsatt mange bøker til sals på biblioteket i Todalen! 10 kr per bok! Det er ope berre to torsdagar til før sommarferien ( 17.juni er siste gong). Samtidig vil eg oppfordre alle til å leite gjennom huset etter bøker som høyrer biblioteket til. Vi manglar ein god del, også frå mange år attende.
Les heile sakaKvart på sju nå i kveld var det brannutrykning til Solberget på Todalsøra. Ester Karin Larsen som var ute og gjekk seg tur fekk sjå røykutvikling og flammar i garasjen tilhøyrande Solberget og fekk varsla nabo Ole Elgsæter om ståa. Han fekk kona Einy til å ringe nødnummeret slik at blant anna Todalen brannkorps kom raskt til brannstaden.
Les heile sakaRådgjevar ved areal og miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal, Leif Magnus Sættem, teikna eit dyster bilete av utviklinga for villaksen på informasjonsmøtet til Todalen elveeigarlag på Todalshytta. Det var torsdag kveld at elveeigarlaget informerte eleveeigarar, fiskarar og andre interesserte om aktuelle saker i høve starten på ein ny sesong for laksefiske.
Les heile sakaDa går Surnadal Sparebanks store korslag av staben! Torsdag 3. juni ble korlederne som skal lede de 7 korene frem til storkvelden annonsert. – Nå håper vi at mange vil engasjere seg og bli med å dyrke korgleda i bygda vår, sier markedsføringsansvarlig Liv Dalsegg til Trollheimsporten.
Les heile sakaI går hadde alle førskuleungane i heile Surnadal kommune stortur til Kårvatn. Dei var mesta 70 stykker og kom inn bygda med buss, for å ha aktivitetsdag der oppe før skulestart. Både ungane og dei vaksne som var med var spente, men kanskje ikkje av same grunn. Dei vaksne pusta letta ut etter einfor nokon lang busstur med otte om bilsjuke, medan ungane var spente på om dei fekk sjå bjørnen.
Les heile saka