Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dyster langtidsprognose for laksefisket

Dyster langtidsprognose for laksefisket

Jon Olav Ørsal Fredag 4. juni 2010

Rådgjevar ved areal og miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal, Leif Magnus Sættem, teikna eit dyster bilete av utviklinga for villaksen på informasjonsmøtet til Todalen elveeigarlag på Todalshytta. Det var torsdag kveld at elveeigarlaget informerte eleveeigarar, fiskarar og andre interesserte om aktuelle saker i høve starten på ein ny sesong for laksefiske.

Sættem snakka om økosystem i ubalanse og dei mange faktorane som påverkar vilkåra for villaksen i negativ retning. Over heile fylket peikar prognosane nedover, og det trengs krafttak dersom ein skal klare å snu utviklinga. Mellom anna er det på landsbasis ca tusen lakseoppdrett, og dette er no landets tredje største næring som har stor betydning. Dette gjer sjølvsagt værnet av villaksstammane meir komplisert.

Men lokalt skjer det da positive ting også, for på programmet vidare informerte Viggo Finset frå TrønderEnergi om gytefiskundersøkinga i Toåa i 2009. Dette er den første del av eit program for å følge opp laks- og ørretstammen i Toåa med tanke på at den skal bli bærekraftig igjen. Her er det planer om vidare oppfølging i 2013. Finset orienterte vidare om krava som er sett i konsesjonen i høve Driva-utbygginga. Her er ein no igang med å ta igjen eit etterslep sidan 80-talet, og det vart i år sett ut 3700 smolt i Toåa.

Monika Klungervik frå Rossåa Settefisk orienterte om utplantinga av lakserogn i Romådalen. Dette skjedde i mars i år, og det er uvisst kva effekt ein vil få av dette. leder i elveeigarlaget, Asbjørn Karlsen, etterlyste ei samla plan for dette arbeidet. Han streka under kor viktig det er at ein vurderer nøye dei tiltaka som settes i verk, slik at dei ikkje skal gjera skade.

På tampen orienterte han om reglane som gjel for fisket i Toåa. Mellom anna er det i år nye fisketidar, da fisket tek til 1. juni og sluttar 15. august. Dette gjeld både laksefisket og ørretfisket. Forvaltninga har også sett ei fangstbegrensing til 2 laks og 2 ørret pr fiskar, pr døger. Han understreka til slutt kor viktig det er at fiskarar som kjem frå elvar som er Gyro-infiserte tek ein grundig desinfeksjon av utstyret. Dette kan gjerast på Todalshytta eller ICA Todalen, der dei også sel fiskekort for Toåa.

Du finn fleire bilete frå infokvelden nedafor.     Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 4. juni 2010, 22:15 - Sist oppdatert: 6. juni 2010, 14:45