Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Farra fjor’n – bli med til Ålvundfjorden

Farra fjor’n – bli med til Ålvundfjorden

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. juni 2010

Laurdag 12. juni inviterer Ålvundfjord Bygdelag på nytt «Farra Fjor’n-arrangement». Det heile startar med at bygdelaget arrangerer tur til Todalen, der dei skal besøke Svinviks arboret. Vidare går turen til Todalen ungdomshus og vidare til Pakkhuset Pub for mat og drikke. På turen attende iviterer dei Todalingane til å bli med til fest i ungdomshuset Fossheim. Turen går via Hals-tunet og Steinsvoll til Fossheim.

I Fossheim blir det først saltmat (herleg kjøtt-ståpp) og handverkustilling frå Husfidlaget og ein filmsnut med kjente ålvundfjordingar  i 70 og 80-åra.  Musikalske innslag med «Skrult» blir det også. Etterpå blir det dansefest til musikk av orkesteret SKRULT frå Ålvundfjorden.

Her finn du heile plakaten som PDF.  Det vil bli lagt ut liste for påmelding på ICA Todalen, og det vil også bli organisert transport både til og frå for den som melder seg på. Sjå elles plakaten for prisar. Vi kjem attende med meir informasjon etter kvart.

SISTE:  Det blir sett opp buss/minibuss på returen fra Ålvundfjorden, der ei tek sikte på å ta siste ferja frå Rykkjem laurdag kveld. Prisen for å delta er kr 150 for å bli med på «todalsrunden», medan heile pakken kostar kr 350,- inkl fest i Fossheim og buss-skyss attende til Todalen. Meld deg på du også!  Dersom det er noko du lurer på, så er det berre å ta kontakt med Olaug Kvendset på telefon 920 90 457.

Publisert: 8. juni 2010, 22:00