Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tur til Sæterbøsetra og Skarven.

Tur til Sæterbøsetra og Skarven.

Jon Olav Ørsal Måndag 7. juni 2010

Jon Bruset har vore på ny fjelltur. Denne gongen bar det også over Nordmarka til gamle Åsskard. Han skriv:
«Så vart det tur til Sæterbøskardet i gamle Åsskard kommune.Til setergrenda med Sæterbøsetrene og til fjelltoppen Skarven der ein har fin utsikt oppover Bæverdalen, og ein ser også langt inn i Trollheimen og utover havet mot Smøla om det er klårver.
Berre eit av seterskjela sto tilnærma oppreist i dag. I tidlegare tider var det mange hus på denne stølen. For den som vil vite meir er «Seterbok for Åsskard» av Bernt Bøe å anbefale. Her er det mange gamle bilete som viser store kontraster til dagens tilstand når det gjeld attgroing og bygningsmessig forfall.»

Sjå fleire bilde i galleriet nedafor.     Alle bilde: Jon Bruset

Publisert: 7. juni 2010, 23:00