Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2010

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Klart for skyteprøve

Klart for skyteprøve

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2010

Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til storviltjakta måndag 28. juni. Vidare utover sommaren blir det 8 måndagskveldar med skyting på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Alle kveldane startar skytinga kl 18.00, og varer til kl 20.00.

Les heile saka

Todalshytta er opna!

Todalshytta er opna!

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2010

Tysdag 15. juni opna Todalshytta for ny sesong. Det er Åse Grydeland Øyen som er vertinne, og ho fortel at det no er ope kvar dag mellom kl 10 – 22 fram til 31. august. Ho har allerede tjuvstarta litt, og har hatt ope for laksefiskarar etter avtale. Åse går rett på sak og arrangerer bailldag allerede første dagen. Det er populær kost, og ho ventar stort innrykk av bygdefolk og andre som vil ha eit realt baillmåltid.

Les heile saka

Spreke karar.

Spreke karar.

Elinor Bolme Måndag 14. juni 2010

No utover er det full rulle for dei som driv med fotball. Serien tar snart ferie, men cupane rullar jamt over heile sommaren. I går var det Silregncup på Syltøran stadion, og i den anledning var det nokre karar frå Todalen som også var i aksjon.

Les heile saka

Farra fjor’n, nok ein suksess.

Farra fjor’n, nok ein suksess.

Elinor Bolme Sundag 13. juni 2010

Todalen.no rekk desverre ikkje vera med på alt som foregår i dei levande bygdene, difor lyt vi alliera oss med andre i enkelte høve. I den anledning guidar vi dykk vidare til http://www.alvundfjord.no for å sjå bileter etter arrangementet «Farra fjor’n» som var arrangert i går.

Les heile saka

Full flor i arboretet

Full flor i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 13. juni 2010

Det er sein vår i arboretet i år, men no er det endeleg «full flor» seier Dordi Kjersti Mogstad i Svinsviks arboret. Har du lyst til å sjå blomstringa i arboretet når den er på topp, så bør du ikkje vente for lenge. Sommarvarmen dei siste dagane har sett fart på blomstringa og det er både rododendron og mange andre sortar som viser seg i sin finaste stas.

Les heile saka

Visitt til Storfjellet

Visitt til Storfjellet

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. juni 2010

Før regnværet «tok oss» var Jon Bruset på kveldstur til Storfjellet torsdag kveld. Han har sendt oss ein liten nokre bilde av både utsikten og litt av den rike floraen i området. For mange blomar er det nok tidleg enno, men dei kjem etter kvart som snøen forsvinn og det blir bart på rabbane oppover mot høgfjellet.

Les heile saka

Bankslettå åpna.

Bankslettå åpna.

Elinor Bolme Laurdag 12. juni 2010

I dag kunne ordfører Mons Otnes klippe snora for den offesielle opningen av IL Søya sitt nye fotballanlegg på Søyabanen. Et topp moderne kunstgressanlegg har siden oppstart i midten av mai gradvis vokst seg ferdig der den tidligere grusbanen lå.

Leder i IL Søya, Lars Inge Kvande roste en driftig anleggsgjeng for den flotte jobben som har blitt gjordt utover våren for å ferdigstille anlegget, som til slutt fikk en kostnad på underkant av en million kroner.

Les heile saka

Fotballskole 22. juni

Fotballskole 22. juni

Knut Haugen, IL Søya Laurdag 12. juni 2010

Molde FK besøker Surnadal kommune på sin «distriktsturné» tirsdag 22. juni, bl.a for å spille en treningskamp mot Surnadal sitt 3. divisjonslag. Men spillerne skal også være instruktører i fotballskole på SØYABANEN.

Les heile saka

Så lenge jeg lever her er jeg en optimist!

Så lenge jeg lever her er jeg en optimist!

Elinor Bolme Fredag 11. juni 2010

I går kveld var deler av bygda samla i Todalen skule for å vera med på avslutningsfesten som elevar og tilsette hadde stelt i stand. I ein stor time klarte dei å underhalde foreldre, besteforeldre og anna interesserte med eit variert program mesta utanom det vanlege.

Les heile saka

Sommarturne med Farra fjor’n

Sommarturne med Farra fjor’n

Jon Olav Ørsal Fredag 11. juni 2010

Laurdag dreg Jon Husby og Hans Gundersen på sommarturne med trekkspell og saksofon. Turneen startar på Pakkhuset Pub i høve at Ålvundfjord bygdelag kjem på besøk med «Farra fjor’n», som er ei årleg utflukt dei har til ei av nabobygdene. Der skal musikarane underhalde medan gjestane får ein matbit og litt forfriskning, før dei dreg attende til Ålvundfjorden for å fortsette programmet.

Les heile saka

Bli med og tipp VM-fotball!

Bli med og tipp VM-fotball!

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. juni 2010

No har du høve til å bli med på real fotballtipping på lokalt plan. Terje Nordvik har teke initiativ til å lage tippekonkurranse av fotball-VM som startar i desse dagar. Enkelt sagt skal du tippe gull-, sølv- og bronsevinnaren i sluttspillet for VM. Du får poeng for kvart lag du tippar rett, og den som får flest poeng får heile premiepotta som er 50 % av den totale innsatsen. Blir det fleire som får lik mange poeng, blir det deling av potta.

Les heile saka

Bankslettå – åpner lørdag 12. juni kl 13.00

Bankslettå – åpner lørdag 12. juni kl 13.00

Knut Haugen Torsdag 10. juni 2010

Det er med stor stolthet fotballgruppa i IL Søya lørdag 12. juni inviterer til offisiell åpning for den nye kunstgressbanen ved Søyabanen. «Bankslettå» har en spilleflate på 50 x 32 meter og er et glimrende anlegg for 7-er kamper for aldersbestemte lag.

Les heile saka