Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sommarturne med Farra fjor’n

Sommarturne med Farra fjor’n

Jon Olav Ørsal Fredag 11. juni 2010

Laurdag dreg Jon Husby og Hans Gundersen på sommarturne med trekkspell og saksofon. Turneen startar på Pakkhuset Pub i høve at Ålvundfjord bygdelag kjem på besøk med «Farra fjor’n», som er ei årleg utflukt dei har til ei av nabobygdene. Der skal musikarane underhalde medan gjestane får ein matbit og litt forfriskning, før dei dreg attende til Ålvundfjorden for å fortsette programmet.

Musikarane fortsett sommarturneen til Ålvundfjorden for å bli med på opplegget der. I Ålvundfjorden er det fullt opplegg med både omvisning i bygda og middag og fest i ungdomshuset Fossheim ved Ålvundfossen.

Sommarturneen fortsett nok vidare utover sommaren, men dei var i skrivande stund ikkje sikker på kvar det ber vidare. Turneen er kome i stand i høve at dei feirar 140-årsjubileum (tilsaman), fortel turneledar Jon Husby. Så dersom det er nokon som har høveleg konsertlokale til dei to musikarane så er det nok muleg å få til ein kontrakt.

Publisert: 11. juni 2010, 06:00