Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Så lenge jeg lever her er jeg en optimist!

Så lenge jeg lever her er jeg en optimist!

Elinor Bolme Fredag 11. juni 2010

I går kveld var deler av bygda samla i Todalen skule for å vera med på avslutningsfesten som elevar og tilsette hadde stelt i stand. I ein stor time klarte dei å underhalde foreldre, besteforeldre og anna interesserte med eit variert program mesta utanom det vanlege.

Det heile vart opna av barnehageungane som song «No e sola komma» og «Mamma Mia», på engelsk, med eit par breakdansarar på venstre kant. Deretter fekk vi sjå dei ulike innslaga frå dei ulike klassetrinna. Her var det alt frå song, dans, diktlesning og dramatisering.

I år er det fire som går ut frå skulen, medan det berre er to som kjem inn att til hausten. I den anledning takka 7. klassingane for seg og gjorde litt stas på lærarane og dei andre tilsette.

Til slutt avslutta heile gjengen med å synge utvalde Jahn Teigen songar, akkompagnert av einingsleiar Bjørn Einar Høivik. Og når den siste strofa vart ;»Så lenge jeg lever her er jeg en optimist», var det nok mange i salen som tenkte at eit mykje betre avslutningsnummer kunne dei ikkje ha vald seg ut. Etter ei turbulent tid for skulen i Todalen, og usikkerheita omkring viare drift stadfesta ungane at dette er verdt å satse på.      

Her er nokre bileter frå avslutninga. Alle foto: Marte Talgø.

Publisert: 11. juni 2010, 11:55