Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2010

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Sølvvinnere i HydroCup

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. juni 2010

Vi gratulerer Lena Rovik frå Todalen og resten av Kvasslaget med flott sølvmedalje under HydroCup i helga. Her har vi saksa eit oppslag i Aura Avis om den spennede kampen. Vi gratulerer med innsatsen!


Sanitetsdugnad.

Sanitetsdugnad.

Elinor Bolme Onsdag 9. juni 2010

I går kveld var det dugnad hos Todalen Sanitetsforening i Todalen. Det vart ikkje lege på latsida på noko vis. Busker vart flytta, plen vart opplina med tråd og redskapsboda innreidd.

Les heile saka

Farra fjor’n – bli med til Ålvundfjorden

Farra fjor’n – bli med til Ålvundfjorden

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. juni 2010

Laurdag 12. juni inviterer Ålvundfjord Bygdelag på nytt «Farra Fjor’n-arrangement». Det heile startar med at bygdelaget arrangerer tur til Todalen, der dei skal besøke Svinviks arboret. Vidare går turen til Todalen ungdomshus og vidare til Pakkhuset Pub for mat og drikke. På turen attende iviterer dei Todalingane til å bli med til fest i ungdomshuset Fossheim. Turen går via Hals-tunet og Steinsvoll til Fossheim.

Les heile saka

Nyheter fra Surnadal Velværesenter

Nyheter fra Surnadal Velværesenter

Ole Petter Talgø Tysdag 8. juni 2010

Vi har fått informasjon fra Surnadal Velværesenter om kampanjer og aktiviteter utover året. Les saka eller gå inn på Surnadal Velværesenter sine heimesider, kor du finn timeplanar, informasjon om trening og medlemsskap.

Les heile saka

Tur til Sæterbøsetra og Skarven.

Tur til Sæterbøsetra og Skarven.

Jon Olav Ørsal Måndag 7. juni 2010

Jon Bruset har vore på ny fjelltur. Denne gongen bar det også over Nordmarka til gamle Åsskard. Han skriv:
«Så vart det tur til Sæterbøskardet i gamle Åsskard kommune.Til setergrenda med Sæterbøsetrene og til fjelltoppen Skarven der ein har fin utsikt oppover Bæverdalen, og ein ser også langt inn i Trollheimen og utover havet mot Smøla om det er klårver.

Les heile saka

Månadens bilete for mai

Månadens bilete for mai

Ole Petter Talgø Måndag 7. juni 2010

Vi vil gratulere Frode Grønmyr som vinnar av månadens bilete i mai. Med nesten halvparten av de avgitte stemmene, var det tydeleg at det var eit populært bilete. Vi vil takke alle som sender inn bilete, og håpar dykk fortsett med det. Du kan og sjå på dei andre kandidatane, eller alle dagens bilete som […]


På tur med Stangvik historielag

På tur med Stangvik historielag

Jon Olav Ørsal Måndag 7. juni 2010

Frå Einar Grønnes har vi fått tekst og bilde frå historielagets søndagstur til Søyådalen. Han skriv:
«Da klokka var 10 hadde det samla seg ca. 40 personer ved gamle Eidet skolesom ville vera med. Kjørte i kollone innover dalen til første stopp som var der ein tek av til Tverrådalen, her var det informasjon.

Les heile saka

Nytt frå Todalen bibliotek

Nytt frå Todalen bibliotek

Torill Gjeldnes Sundag 6. juni 2010

Det er fortsatt mange bøker til sals på biblioteket i Todalen! 10 kr per bok! Det er ope berre to torsdagar til før sommarferien ( 17.juni er siste gong). Samtidig vil eg oppfordre alle til å leite gjennom huset etter bøker som høyrer biblioteket til. Vi manglar ein god del, også frå mange år attende.

Les heile saka

Snarrådige Ester berga brann.

Snarrådige Ester berga brann.

Elinor Bolme Laurdag 5. juni 2010

Kvart på sju nå i kveld var det brannutrykning til Solberget på Todalsøra. Ester Karin Larsen som var ute og gjekk seg tur fekk sjå røykutvikling og flammar i garasjen tilhøyrande Solberget og fekk varsla nabo Ole Elgsæter om ståa. Han fekk kona Einy til å ringe nødnummeret slik at blant anna Todalen brannkorps kom raskt til brannstaden.

Les heile saka

Dyster langtidsprognose for laksefisket

Dyster langtidsprognose for laksefisket

Jon Olav Ørsal Fredag 4. juni 2010

Rådgjevar ved areal og miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal, Leif Magnus Sættem, teikna eit dyster bilete av utviklinga for villaksen på informasjonsmøtet til Todalen elveeigarlag på Todalshytta. Det var torsdag kveld at elveeigarlaget informerte eleveeigarar, fiskarar og andre interesserte om aktuelle saker i høve starten på ein ny sesong for laksefiske.

Les heile saka

9. oktober braker det løs…

9. oktober braker det løs…

Jon Olav Ørsal Fredag 4. juni 2010

Da går Surnadal Sparebanks store korslag av staben! Torsdag 3. juni ble korlederne som skal lede de 7 korene frem til storkvelden annonsert. – Nå håper vi at mange vil engasjere seg og bli med å dyrke korgleda i bygda vår, sier markedsføringsansvarlig Liv Dalsegg til Trollheimsporten.

Les heile saka

Opplevelsestur til Kårvatn.

Opplevelsestur til Kårvatn.

Elinor Bolme Fredag 4. juni 2010

I går hadde alle førskuleungane i heile Surnadal kommune stortur til Kårvatn. Dei var mesta 70 stykker og kom inn bygda med buss, for å ha aktivitetsdag der oppe før skulestart. Både ungane og dei vaksne som var med var spente, men kanskje ikkje av same grunn. Dei vaksne pusta letta ut etter einfor nokon lang busstur med otte om bilsjuke, medan ungane var spente på om dei fekk sjå bjørnen.

Les heile saka