Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalshytta er opna!

Todalshytta er opna!

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2010

Tysdag 15. juni opna Todalshytta for ny sesong. Det er Åse Grydeland Øyen som er vertinne, og ho fortel at det no er ope kvar dag mellom kl 10 – 22 fram til 31. august. Ho har allerede tjuvstarta litt, og har hatt ope for laksefiskarar etter avtale. Åse går rett på sak og arrangerer bailldag allerede første dagen. Det er populær kost, og ho ventar stort innrykk av bygdefolk og andre som vil ha eit realt baillmåltid.

Som sagt er det bailldag kvar tysdag i heile sommar. Onsdagar er vi vant til at det er pizzakveld, men i år vil ho utvide tilbudet og kallar det smårettkveld. Det vil seie at det skal bli både pizza, taco og salatar å få kjøpt på onsdagskveldar frå kl 18.00. Laurdag forsett ho med rømmegraut og spekemat som real laurdagsmeny. Elles er det sjølvsagt dagens middag kvar dag i heile sommar mellom kl 14 – 18.

Her kan du sjå plakaten for Todalshyttas sommarprogram og KNT si heimeside

Publisert: 15. juni 2010, 08:48