Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2010

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Verdens aktivitetsdag på Velværesenteret

Verdens aktivitetsdag på Velværesenteret

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. mai 2010

10.mai slås det et slag for fysisk aktivitet livet ut. Surnadal Velværesenter markerer Verdens aktivitetsdag med senior-pilates klokka 12.00, og tilbyr alle gjestene oppskåret frukt og nøtter, samt litt enkel informasjon for treningsøvelser for de eldre. Samtidig oppfordrer de alle spreke eldre til å ta med seg andre på trening!

Les heile saka

Svinviks arboret – sesongstart

Svinviks arboret – sesongstart

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2010

Laurdag opnar Svinviks arboret porten for sesongen. Rhododendron har teke til å blomstra, men etter ein lang og kald vinter tek det enno litt tid før blomstringa er på topp. I år varer sesongen frå 8. mai og fram til 15. august, og opningtida i sesongen blir torsdag-søndag kl. 12-17.

Les heile saka

Kyrkjegardsdugnad måndag kveld

Kyrkjegardsdugnad måndag kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2010

Måndag kveld (kl 18) er det dugnad på Todalen kyrkjegard. Kyrkjeverga oppfordrar bygdafolket til å hjelpe til med å rette opp skeive gravstøtter og rydde opp etter ein lang og kald vinter. Dei oppfordrar karane til å ta med trillebår, spett og spade, medan kvinnfolka bør ta med rive.

Les heile saka

Vil «farra fjor’n» åt Todala 12. juni

Vil «farra fjor’n» åt Todala 12. juni

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2010

Ålvundfjord grendalag arrangerte ”Farra Fjor’n” for første gong i fjor sommar. Dei samla da 110 personar med smått og stort, og dro til Stangvik på besøk. I år vil dei fortsatt halde seg innafor ”gamle Stangvik” og drar andre vegen til Todalen på besøk. Laurdag 12. juni er det klart for avgang i retning Todalen, der dei har aliert seg med bygdemobiliseringsprosjektet ”Godt mot, Todalen”.

Les heile saka

5.-6.og 7. på bedriftbesøk

5.-6.og 7. på bedriftbesøk

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mai 2010

Å halde seg orientert om kva som skjer i nærmiljøet er pensum i skulen i dag. Onsdag var derfor 5.-6. og 7. klasse ved Todalen skule på besøk til Talgø Møbelfabrikk på Kvennset, sammen med Solvor Røen som helt troppene samla. På Talgø fekk dei omvisning i produksjonen og på kontor av produksjonsleder John Moe.

Les heile saka

Bjørnespor på Hjellnes

Bjørnespor på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mai 2010

Det er mesta dagligdags med meldinger om bjørnespor no for tida. Men i Todalen er det nok ei stund sia det har vore observert bjørnespor, men i onsdag kveld var det eit faktum. Det var Anita Brøske Nordvik som var i området på trimtur, som tilfeldig oppdaga ferske bjørnespor på vegen som går frå kufella og utover til TV-masta på Hjellnes.

Les heile saka

Skogdag i Stangvik

Skogdag i Stangvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mai 2010

Laurdag 8. mai kl 11 arrangerer det «nye» Surnadal skoglag den første skogdagen etter at skoglaga på «indre» vart slegne saman. På programmet står mellom anna framvisning av den nye skogbilvegen på 4,8 km og orientering av bygginga. Vidare vil fylkesskogmester Harald Nymoen orientere om tilskotsordningar frå stat og fylke til vegbygging.

Les heile saka

Fjellgarden i Trollheimen nå i Korea.

Fjellgarden i Trollheimen nå i Korea.

Elinor Bolme Onsdag 5. mai 2010

Barne-tv serien «Fjellgarden i Trollheimen» har no starta visningane på kontinentet. Gudmund Kårvatn har allereie fått tilbakemeldingar frå salgsavdelinga for serien på på dette fengar. Det Koreanske tv selskapet EBS (Educational Broadcasting System) er no akkurat ferdig med å sende dei 12 episodane som vi og har sett. Serien hadde i gjennomsnitt 1 million sjåarar per visning. I følgje dei sjølv er dette eit meget tilfredsstillande resultat.

Les heile saka

Sigvart i 90

Sigvart i 90

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. mai 2010

Måndag var det jubileum på Bjørli. Sigvart runda 90 år, og da var det sjølvsagt ståhei med blaukake og kaffe til vener som stakk innom. Og dei var det mange av, for det var samla både mykje blomster, konfekt og anna gåver da Todalen.no stakk innom for å gratulere jubilanten dagen derpå.

Les heile saka

Vinterstemning, igjen….

Vinterstemning, igjen….

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. mai 2010

Det var nesten deprimerande å kikke ut i dag tidleg. Det var 3-4 cm nysnø, samtidig som vi skriv 4. mai og egentleg skulle ha meir vårlege omgivelsar. Men alt har sin overgang, og når sola kom opp vart det fart i tininga, og da har vi vel snart gjenoppretta tilværelsen.

Les heile saka

Den kjemikaliefrie dagen

Den kjemikaliefrie dagen

Elinor Bolme Sundag 2. mai 2010

Søstrene Magny Kjølstad og Ingrid Pedersen inviterer alle interesserte til Sanitetshuset onsdag kveld. Då vil dei markere «Den kjemikaliefrie dagen» med å demonstrere og selge produkt frå Norwex Norge sitt sortement. I anledning denne dagen er det fleire gode tilbud til sterkt redusert pris kan Ingrid fortelja. Produkta dei sel er mynta både på generellt reinhald, samt eit godt utvalg i personleg pleie attåt.

Les heile saka

Månadens bilete for april

Månadens bilete for april

Ole Petter Talgø Sundag 2. mai 2010

Vi fortsetter med å kåre månedens bilde, og her kan du se månendens vinner. Fra og med neste måned skal vi prøve å få lagd en avstemning, slik at alle kan være med å bestemme hvilket bilde de synes er det beste. Derfor kan du, hvis du ser noen av bildene som blir lagt ut som du liker godt, sende oss en melding og være med å nominere bilder som peker seg ut.

Les heile saka